#folkpåUiB

Albina Gilmullina, Martin Kjenes og Vilde Dimmen

PhD-kandidatar ved det matematisk-naturvitskapelege fakultet

"Ideen om å lage ein podkast kom då vi møttest etter fyrste lockdown. Då pandemien slo innover landet for vel eit år sidan, opplevde vi at det vart vanskelegare å halde kontakt med kollegaer, og jobbkvardagen som stipendiat vart meir einsam. Både små og store utfordringar som vi tidlegare kunne diskutere i lunsjen eller over ein kaffi, vart vi sitjande åleine med på heimekontoret. Etter å ha undersøkt kva som finst av podkastar, var det ikkje mykje å finne om korleis livet som stipendiat er. Dette ville vi gjere noko med, og no har vi produsert og gitt ut over ti episodar av PhD Rhapsody, og fleire er i vente! I podkasten tek vi opp diverse utfordringar rundt sjølve gradsarbeidet, men òg korleis det er å sjonglere mellom barn og doktogradsskriving, den mentale helsa gjennom arbeidet, og korleis det er å vere kvinne i akademia. Mottakinga har vore veldig bra, og vi kan seie oss godt fornøgde når til og med rektor er fast lyttar."

FAKTA

I denne serien løfter vi frem en UiB-ansatt eller student som deler sine små og store historier. Følg gjerne vår Instagram-konto unibergen for flere UiB-historier.

Powered by Labrador CMS