KORTNYTT
SV-pris for artikkel om statskupp
Kva er eit statskupp, og legg akademia og media det same i omgrepet statskupp no som før? Det er spørsmålet som vart granska i den vitenskaplege artikkelen «Coup with Adjectives: Conceptual Stretching or Innovation in Comparative Research?» av Leiv Marsteintredet og Andrés Malamud.
Marsteintredet tok i dag mot SV-fakultetet sin publikasjonspris for 2021 på vegner av dei to artikkelforfattarane.
– Å bli nominert og vurdert positivt av mine eigne kollegaer set eg enormt pris på. Vi ser at det er færre statskupp, men samtidig så skriv både akademia og media meir om statskupp no enn før. Vi har funne ut at det er sjølve forståinga av kva eit statskupp er som har endra seg, og at vi no klassifiserer fleire ting som statskupp enn vi gjorde tidlegare, seier Marsteintredet.
Dekan ved Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet, Jan Erik Askildsen delte ut diplom og blomar til prisvinnaren, og understreka det grundige vitskaplege arbeidet som ligg bak artikkelen.
– Det er veldig kjekt å kunne gi denne prisen til prisen til ein verdig vinnar som har gjort slikt eit grundig arbeid. Dette er eit svært viktig vitskapleg bidrag, seier han.
Du kan lese meir om både prisen og prisvinnaren her.