NYHET
Forsøker å løyse gjentakande utfordring
Harald Åge Sæthre og Mia Milde har det siste halvåret undersøkt korleis UiB arbeider med studiegjennomføring og psykisk helse hos studentar. No inviterer dei alle på UiB til å ta del i ein diskusjon om dette. Ein viktig del av programmet er at prorektor Pinar Heggernes skal dele ut årets Uglepris til eit fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for studiekvalitet.
– Det er viktig at studentane trivast her på UiB! Gjer dei det så er det også større sjanse for at dei fullfører studiane. Det er ikkje bere bra for studentane og UiB, men også for samfunnet. Difor har vi stilt oss sjølve, UiB-kollegaer og studentar fleire sentrale spørsmål. Mellom anna «Korleis jobbar vi på UiB med studiegjennomføring og psykisk helse hos studentane våre, kven arbeider med desse utfordringane, og kva kompetanse trengs », seier Harald Åge Sæthre.
Prorektor Pinar Heggernes trekk fram at arbeidet er viktig, og ho håpar så mange som mogleg blir med på konferansen.
– Målet er å starte ein diskusjon rundt disse spørsmåla som Harald Åge trekk fram. Dersom vi skal utvikle oss som utdanningsinstitusjon må vi sjå på kva som skal til for at vi lukkast med dette. Difor oppmodar eg dekanata, fakultetsdirektørane, studiesjefane, instituttleiarane, administrasjonssjefane og utdanningsleiarane, ja eigentleg så mange som mogleg, til å bli med på konferansen og ta del i denne viktige debatten, seier prorektor Heggernes.
Sæthre har jobba med fråfallsproblematikk sia 90-talet og har skreve bok om emnet. Saman med Mia Milde har han no hatt samtaler med utdanningsleiarar på alle nivå, samt studieadministrativt tilsette og studentar på alle fakultet ved UiB. Milde reknar med at fråfall kjem til å bli eit viktig tema i tida som kjem.
– Fråfall er eit tema som kjem opp igjen og igjen. Regjeringa Solberg har fokusert på det og det kjem garantert regjeringa Støre til å gjere også. Det finnast jo ikkje ein quick fix og det er ikkje alt fråfallet vi kan gjere noko med, seier Mia Milde.
Resultata presenterer dei på ein konferanse 11. november. Konferansen har fått namnet «Vi vil, vi vil, men får vi det til».
– Vi må fokusere på dei studentane som har mål, motivasjon og føresetnad til å fullføre studia, men som vel å slutte etter ei tid. Det er dette fråfallet som problematisk og som vi kan gjere noko med, seier Harald Åge Sæthre.
Utdanningskvalitet i fokus
På konferansen vil UiBs utdanningskvalitetspris – Ugleprisen delast ut. Utdanningsutvalet deler ut prisen til eit fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for studiekvalitet.
– Vi fekk inn mange gode nominasjonar og det var ikkje lett å plukke ut ein vinnar. Men utdanningsutvalet er no ferdig med arbeidet og har landa på ein verdig vinnar. Kven det blir er hemmeleg til konferansedagen, seier prorektor Pinar Heggernes.
Dei nominerte var vurderte på fleire kriterium.
– Det heng høgt å vinne Ugleprisen. Vinnaren må vise til mellom anna gode resultat, godt samarbeid mellom fagmiljø, studentar og andre aktuelle aktørar gjennom heile prosessen, samt planlegging, gjennomføring, vurdering og oppfølging, seier Heggernes.