NYHET

Her er motivet ein hjort (fremst) og ein elg (bakerst). Dei er avbilda saman, noko som ikkje er vanleg i naturen, men som er del av det forhistoriske billedspråket som bergkunsten representerar.

Opning av bergkunstfelt ved Vangdal i Kvam

Torsdag 21. oktober opnar bergkunstfeltet ved Vangdal, langs Nasjonal turistveg Hardanger, med ny tilrettelegging for publikum.

Publisert Sist oppdatert

BERGKUNST VED VANGDAL

  • Enkelt forklart er bergkunst eit samlenamn på førhistoriske bilete som er hogde, slipt eller måla på berg. Ved Vangdal er det skipsfigurar ved bergfoten. Dette er den eldste kunsten vi kjenner i Skandinavia.
  • I Noreg er det registrert meir enn 1700 lokalitetar med bergkunst og over 33.000 figurar over heile landet. I Noreg finnes helleristningar i hovudsak på Vestlandet, i Midt-Norge og i Nord-Norge.
  • Ved Salthamaren i Vangdalsberget skal det ein gong i tida ha vore brent salt, og djupe kollag i jorda syner at det har vore gjort opp eld mange gonger. Men dei var neppe saltbrennarar dei fyrste som gav seg til her. Nokre av dei tegna figurar inn i berget. På toppen av hamaren, ytst på stupet, hogg ein flokk steinalderjegerar dyrebilete. Meir enn 1500 år seinare teikna bronsealderbønder skipsfigurar ved bergfoten. Begge desse kunstverka — blant dei eldste i Hordaland — kan ein no sjå med heilt ny lyssetjing, innhogne i berget på Salthamaren. Bergkunstmotiva og deira plassering i terrenget kan samanfattast med eit ord; mangfald.

Kjelde: Riksantikvaren, Universitetet i Bergen, Digitalt museum.

Bergkunsten på Vangdal ligg ved ein rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardanger. Tilrettelegginga som no vert opna skal gjera bergkunsten tilgjengeleg for vegfarande og andre på ein ny og trygg måte. Rasteplassen er rusta opp med nye benkar og bord, skilttavle og diskré lyssetjing. Ein lyssett sti dels tilrettelagt med trapper og rister går frå rasteplassen og ned til bergkunsten, der ei publikumsrampe gir utsyn til bergkunsten og den opne fjorden.

– Bergkunstfeltet i Vangdal er eit unikt kulturminne som bind oss saman med dei som har budd på Vestlandet før oss. Difor er det ekstra verdifullt at bergkunsten no blir meir tilgjengeleg for fleire, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen.

Unik lyssetjing

På parkeringsplassen er det eit godt opplyst ikon av ei helleristing ved starten av stien til Helleristingane. Sjølve bergkunsten har fått ei unik lyssetjing for betre visualisering av helleristingane. Det er brukt skrå lyssetting for at det skal vera minst mogleg inngripande for ristingane som tidlegare vart sprøyta med maling. Lyssettinga kjem til å gi ei heilt ny oppleving av å sjå bergkunsten på natta, utan moderne støy, i eit naturleg miljø og i omgjevnader utan trafikk.

No er heile det nye rasteanlegget med bergbilda frå eldre steinalder godt eigna som ferdamål og oppleving døgnet rundt, året rundt.

– Eg trur folk blir overraska av prosjektet. Dette kan også bidra til at ein får ein ny giv til å tenkje nytt når det gjeld tilrettelegging av bergkunst, seier forskar og arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Tilrettelegginga av rasteområdet, betra tilgjenge og ny presentasjon av bergkunsten er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigarane ved Vangdal, Statens vegvesen, Vestland Fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Kvam kommune. Arkeologane ved kulturavdelinga i fylke har spelt ei viktig koordinerande rolle.

Sjå fleire bilete frå bergkunsten på Digitalt Museum.

– Eg trur folk blir overraska av prosjektet. Dette kan også bidra til at ein får ein ny giv til å tenkje nytt når det gjeld tilrettelegging av bergkunst.

Trond Lødøen, forskar og arkeolog ved Universitetsmuseet i Bergen

Frå bevaringsprogram til bevaringsstrategiar

Riksantikvaren har sidan 2019 støtta prosjektet med tilskot på 1 million kroner gjennom programmet Bevaringsprogram for bergkunst.

– Eg er glad for at vi no kan formidle bergkunst i Vangdal på ein måte som gir både gode opplevingar og som tek vare på dei sårbare helleristningane. Lyssetjinga er skånsam og bringer bokstaveleg talt gamle bergbilete fram i lyset igjen. Dette er ein fantastisk moglegheit for alle til å sjå dei spora som våre fjerne formødrer og forferde har lagt igjen, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Ein såkalla «Gobo» markerar starten på stien ned til det nye lyssette Vangdalsfeltet. I bakgrunnen fylkesordfører Jon Askeland, ordførar i Kvam Torgeir Næss og riksantikvar Hanna Geiran framfor det nye skiltet ved Vangdal.

Viktig prosjekt for fleire

– Kulturminna er sårbare der dei ligg ute i naturen, og vi skal leggje til rette for at dei blir behandla med respekt og formidla vidare til framtidige generasjonar.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland

Tilrettelegginga er del av Riksantikvarens bevaringsprogram for bergkunst og er ein viktig del av Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for bergkunst for å spreie kunnskap om helleristningar. Bergkunst er lett utsett for skadar i form av nedbrytingsprosessar og menneskeleg hærverk. Bevaringsprogrammet sitt mål har vore å sikra at bergkunsten vert tatt vare på i eit langsiktig perspektiv gjennom dokumentasjon, samstundes som at eit utval helleristningar er gjort tilgjengelege for publikum. Bevaringsprogrammet for bergkunst, som vart starta opp i 2011 og som framleis er aktivt, vil danna utgangspunkt for dei nye bevaringsstrategiane som er meint å styrka både vernet og kunnskapen om bergkunsten.

Prosjektet er også viktig for fylkeskommunen som både vegeigar og forvaltar av kulturminne, som har vore med på og lagt til rette for at folk kan svinge av fylkesvegen og sjå nærare på spora frå fortida.

– Kulturminna er sårbare der dei ligg ute i naturen, og vi skal leggje til rette for at dei blir behandla med respekt og formidla vidare til framtidige generasjonar. Helleristingane er ei kjelde til kunnskap, oppleving og undring – og kan vere viktige identitetsmarkørar for dei som bur i området, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Opninga av det nye anlegget ved Vangdal skjer torsdag 21. oktober kl. 17.00 – 21.00 gjennom eit eige arrangement på Thon Hotel Sandven for inviterte gjestar.

Her kan ein sjå korleis bergkunsten ser ut i dagslys.
Powered by Labrador CMS