KORTNYTT

Komponistprofessor Dániel Péter Biró får midlar til prosjekt

Komponistprofessor Dániel Péter Biró ved Griegakademiet – Institutt for musikk har fått tre millioner frå Program for kunstnerisk utviklingsarbeid (PKU). Midlane går til prosjektet "Sounding Philosophy", som koblar filosofen Spinoza med utøvande komposisjon.

I tillegg har Biró fått 150 000 til eit prosjekt om gløymt jødisk musikk.