NYHET

Det nye programmet for studiekonsulentar skal føre til at fleire studentar gjennomfører studiane sine på normert tid.

Nytt program skal heve kompetansen til studiekonsulentar

No får studiekonsulentar på UiB tilbod om kompetanseheving innan mange område. Målet er å auke studiegjennomføringa til studentane.

Publisert Sist oppdatert

Dette skal skje gjennom programmet KUSK - kompetanseutviklingsprogram for studiekonsulentar.

Studiekonsulentar ved UiB er ei stor gruppe, som òg er dei som har mest kontakt med studentane. Mange er nyutdanna, og kjenner kanskje ikkje organisasjonen, prosessane og reglane så godt. Det har samtidig mangla ei meir systematisk og omfattande opplæring for dei på UiB. Dette var òg etterspurt hos studiekonsulentane sjølve då vi intervjua dei under oppbygginga av programmet, forklarer Hilde Marie Rognås, som er koordinator for KUSK.

Fleire studentar skal gjennomføre studia

Leiinga ved UiB starta i 2019 prosjektet UiB Tjenesteutvikling for å forbetre dei administrative tenestene, kor KUSK er eit av resultata.

Når programmet rullast ut i løpet av våren, skal opplæringa føre til at fleire studentar gjennomfører studiane sine på normert tid.

Målet vårt er at studentane skal lykkast med studia på best mulig måte. Dette kan KUSK bidra til ved å gi dei nye studiekonsulentane eit enda betre utgangspunkt for å utføre arbeidsoppgåvene sine, og tydeliggjøre den viktige rolla deira overfor studentane og i organisasjonen, seier Christen Soleim, avdelingsdirektør ved studieavdelinga.

Alle som jobbar med studentar kan delta

Programmet er bygd opp i fire modular, som er studieadministrative system, rettleiing, studieadministrative prosessar og forvaltning. Modulane består av sjølvstudiar, seminar, aktivitetar knytt til arbeidsoppgåvene og ei mentorordning.

KUSK er først og fremst for dei nytilsette i studieadministrasjonen, men også erfarne konsulentar kan ha nytte av det.

Alle som har direkte kontakt med studentar kan melde seg på, enten dei er studierettleiar, eksamenskonsulent, studieleiar eller konsulent. Dei kan òg vere tilsette i informasjonssentra og studentmedarbeidarar, forklarar Rognås.

Sjølv om deltakarane er ei mangfaldig gruppe, vil vi prøve å tilpasse kursa til arbeidsoppgåvene til den enkelte. Det første året får dei nytilsette ein eigen KUSK-rettleiar som skal følge dei opp, som skal vere tilsett på same fakultet, på grunn av store variasjonar mellom fagmiljøa, seier ho.

Studiekonsulenten kan avgjere saman med sin leiar kva for deler av programmet som er relevante, og korleis kvardagen kan tilpassast til opplæringa.

Kompetanse både for nytilsette og erfarne

Målet er at nytilsette skal gjennom alle modulane i løpet av det første året i jobben. Er du meir erfaren, kan du velje kva område du ønsker meir kompetanse innan.

Då vi jobba med å bygge opp programmet intervjua vi mange i studieadministrasjonen, både konsulentar, leiarar og studentar. Noko som særleg var etterspurt hos dei med lengre fartstid, var meir kompetanse innan rettleiing og forvalting, og desse seminara er det mogleg å ta separat, seier Rognås.

I tillegg ligg det kursmateriale tilgjengeleg for alle modulane Mitt UiB, som er mogleg å ta som sjølvstudium.

Har du fått nye arbeidsoppgåver, og ynskjer å oppdatere deg sjølv, kan du gå gjennom temasidene og sjå om du finn informasjon som er relevant for deg, seier Rognås.

Meld deg på

Vil du delta i KUSK? Registrer deg ved å sende ein e-post til: kusk@uib.no

Powered by Labrador CMS