KORTNYTT

Søk midlar frå UiB sitt klimafond

UiB sitt klimaavtrykk skal reduserast. Har du ein god idé som kan hjelpe til på vegen? Då kan du søke midlar frå UiB sitt klimafond.

Fristen for å søke er 13. mai.

Eit klimanøytralt UiB i 2030

UiB har gjennom ei årrekke markert seg som ein tung forskings- og utdanningsinstitusjon innan klima og berekraft. Ansvaret for den grøne omstillinga stoppar ikkje der – universitetsstyret ved UiB har også vedteke at vi skal nå målet om klimanøytralitet innan år 2030.

Difor har UiB-leiinga etablert eit klimafond på 5 millionar kroner som skal finansiere tiltak som kan redusere universitetet sitt klimaavtrykk.

Dette er UiB sitt klimafond:

Fondet har som formål å engasjere tilsette og studentar i arbeidet for eit meir klimavenleg universitet, samt å bidra til å redusere UiB sitt klimaavtrykk.

Større klimatiltak knytt til bygg vert prioriter og tidelt via Eigedomsavdelinga. Fondet skal difor primært støtte konkrete tiltak som ikkje er relaterte til bygg.

Klimafondet kan støtte tiltak innan kategoriane reiser og arrangement, tiltak for gjenbruk og rydding, samt nyskapande og innovative idear.

Både studentar og tilsette kan søke om midlar til tiltak, avgrensa til 500 000 kroner. Det blir ikkje gitt støtte til søknader retta mot enkeltstudentar eller tilsette.

Vil du gjere UiB grønare? Send ein kort søknad som inneheld mål for prosjektet, gjennomføringsplan og budsjett til [email protected].

Søknadsfrist: 13. mai!

Les meir om UiB sitt klimafond her.