NYHET

Bilete 1/2: 25-årsjubilantane saman med direktør Robert Rastad og rektor Margareth Hagen. I tilfeldig rekkefølgje: Christina Brudvik, Eva Jacobsen, Gunnar Douzgos Houge, Inger Johanne Fjellanger, Jan I. Ellertsen, Johanne Revheim, Judith Larsen, Kjersti Fløttum, Kristin Nodland, Monica Hilt , Ole-Bjørn Tysnes, Ragnhild Hollekim, Svein Haavik og Trond Lødøen. Foto: Ragnhild Osnes Legreid
Bilete 2/2: 40-årsjubilantane saman med direktør Robert Rastad og rektor Margareth Hagen. I tilfeldig rekkeføgje: Eli Gunn Kjørlaug, Ernst Nordtveit, Eystein Jansen, Magne Haveraaen, Nina Karin Ellingsen og Per Selle. Foto: Ragnhild Osnes Legreid

Feira UiB sine 25- og 40-årsjubilantar

Torsdag vart nokre av UiB sine mest stabile arbeidstakarar, 25- og 40-årsjubilantane, hylla i festsalen i Knut Fægris hus. – De har blitt eit slags oppslagsverk over delar av vår felles historie, sa rektor Margareth Hagen i sin tale til jubilantane.

Publisert Sist oppdatert

UIB-JUBILANTAR

  • 25- og 40-årsjubilantane ved UiB blir feira kvart år.
  • I 2021 var det totalt 52 tilsette som har arbeidd ved UiB i 25 år og 8 som har vore tilsette i 40 år.

Kvart år inviterer rektor til storslått feiring av dei som har vore tilsette ved UiB i høvesvis 25 og 40 år. Jubilantane vart feira med talar, musikk og eit festmåltid i Knut Fægris hus. I denne omgang var det jubilantane frå 2021 som vart hylla, då det ikkje var mogleg å samlast i fjor på grunn av strenge smittevernsreglar.

Til saman femten 25-årsjubilantar, sju 40-årsjubilantar, rektor Margareth Hagen og direktør Robert Rastad deltok under feiringa.

Eit godt arbeidsmiljø

Jubilant Nina Karin Ellingsen seier mykje har endra seg ved UiB på 40 år, men at arbeidsmiljøet har vore godt.

Ein av jubilantane var Nina Karin Ellingsen. Ho har vore tilsett ved UiB sidan 1980, då ho fekk eit vikariat som laborant ved det som då var Geologisk institutt.

Rektor Margareth Hagen sa til jubilantane at ho var glad for å kunne feire dagen saman med dem.

– Veldig ofte når ein begynner i ein jobb, så er det litt tilfeldig kor det blir. Det var det som skjedde med meg då eg tok det vikariatet, seier Ellingsen, som no jobbar som avdelingsingeniør ved Institutt for biovitskap.

Men kvifor har du blitt her ved UiB, i over 40 år?

– Me har hatt eit veldig godt arbeidsmiljø på instituttet, og eg har hatt den same overordna gjennom nesten alle dei 40 åra. Vi kjenner kvarandre sine familiar og alt, fortel Ellingsen.

Studentar frå Griegakademiet, Herman Lieberg Christoffersen og Una Kristin Sagatun Kristjansdottir, framførte mellom anna Edvard Griegs "Ved Rondane" for jubilantane.

Det er ein ganske annan arbeidskvardag for UiB-tilsette no, enn den var for 40 år sidan, meiner jubilanten.

– Då eg begynte, fekk vi ein liten blyant og papir, og den blyanten var ikkje ny då vi fekk den heller! I dag har alle minst ein PC og enormt mykje nytt utstyr. UiB har jo blitt veldig mykje større i løpet av disse åra også, seier Ellingsen.

Sørgjer for kontinuitet

I rektor Margareth Hagen sin tale til jubilantane, la ho vekt på kor viktig dei er for å bevara verdiane som institusjonen UiB står for.

25-årsjubilantane fekk ei spesialprodusert glasugle frå Hadeland Glassverk i gåve.

– Vi lever igjen i ei uroleg tid. I slike tider, er verdiar veldig viktige. De som er her har forsvart institusjonen vår, gjennom det daglege arbeidet gjennom 25 og 40 år. Eit godt universitet er ein institusjon som held verdiane høgt og som har solide fagmiljø med historie, og takka vere dykk har institusjonen vår ein kvalitetstung kontinuitet. Det er utruleg fint å kunne feire denne dagen saman med dykk, sa Hagen.

Ei endra verd

Rektor trakk også fram kor mykje som har endra seg både i verda og ved UiB sidan jubilantane signerte si fyrste arbeidskontrakt ved universitetet. UiB hadde til dømes 8000 studentar i 1981. I dag har vi 21000.

– Men eg håper og trur at UiB si sjel og kjerne er den same, trass i desse store endringane. At det er ein stad med stor takhøgde, stoltheit over røtene, omsorg over studentane våre og for kvaliteten i alt vi gjer. Dykk og gode kollegar ved UiB er dei som utfører dette arbeidet dagleg. I løpet av dei åra de har vore ved UiB, har de blitt eit slags oppslagsverk over delar av vår felles historie, sa rektor til jubilantane.

Årets 25- og 40-årsjubilanter kjem til å bli feira i løpet av haustsemesteret.

Powered by Labrador CMS