KORTNYTT

Jan Erik Askildsen gjenvald som SV-dekan

Jan Erik Askildsen får fornya tillit som dekan ved SV-fakultetet etter ein spanande valkamp.

– Eg vil takke for tilliten frå både tilsette og studentar til å halde fram med arbeidet som vi er i gong med. Vi skal arbeide systematisk for å styrke fakultetet framover, både når det gjeld forsking og undervisning.

Det seier professor Jan Erik Askildsen etter at det vart klart at han og teamet hans gjekk sigrande ut av dekanvalet ved fakultetet.

Askildsen og teamet hans fekk 58,4 prosent av dei vekta stemmene mot motkandidaten Kristin Strømsnes sine 41,6 prosent. Stemmene til tilsette og studentar er vekta ulikt, der tilsette sine stemmer veg tyngst. I reine tal fekk Askildsen 159 av i alt 271 stemmer frå tilsette, og 105 av i alt 182 stemmer frå studentar.

Les meir om dekanvalet på SV-fakultetet.

Powered by Labrador CMS