MINNEORD

Professor Ståle Dyrvik gikk bort 25. november 2022, 79 år gamal etter ei tids sjukdom.

Til minne om Ståle Dyrvik

Med Ståle Dyrvik har ein engasjert forelesar, ein formidlar av rang, ein forskarkapasitet og god kollega gått bort, skriv vener og kollegaer i dette minneordet.

Publisert

Ståle vart fast tilsett som førsteamanuensis ved Historisk institutt i Bergen i 1975 og var frå 1988 professor same stad fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2013.

Ståle tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1971 med ei oppgåve om befolkningsutvikling og sosiale tilhøve i Etne på 1600- og 1700-talet. Denne interessa for demografi og sosiale tilhøve fekk han høve til å gå vidare med då han fekk stipend til å studere i Paris med leiande miljø innan demografi (Louis Henry). Etter studieopphaldet i Paris kombinerte han djup lokalhistorisk kunnskap og interesse med metodane frå den franske demografiske skulen, og introduserte dette i det norske historiefaget.

Ståle blei med det ein av dei viktigaste grunnleggjarane av historisk demografi i Norge. Det resulterte i 1983 i ei lærebok som har vore standardverk på feltet sidan. Ønsket om å kunne analysere store mengder demografiske data var også ei drivkraft for engasjementet han hadde for å digitalisere historisk folketeljingsmateriale, og Ståle dreiv saman med kollegaer ved instituttet her eit internasjonalt pionerarbeid som seinare resulterte i Digitalarkivet.

Vegen til den breie samfunnshistoria var kort for Ståle, og gjekk gjennom økonomisk historie, sosialhistorie, familiehistorie, migrasjonshistorie og politisk historie, oftast i perioden ca 1600—1900. Han tok lokalhistorie på stort alvor, både gjennom å skrive lokalhistorie av ypparste merke sjølv og gjennom å vitskapleggjere og profesjonalisere feltet ved teori- og metodeutvikling. Eit kjenneteikn ved Ståle var evna til å trekkje inn ulike internasjonale fagdebattar og forskarar til norske forhold og fagdiskusjonar. I dei siste arbeidsåra var han særleg oppteken av «1814» og tilhøvet mellom Danmark og Noreg, blant anna ved å skrive eitt av banda i firebindsverket Danmark-Norge 1380—1814.

Ståle var særdeles aktiv formidlar. Allereie i 1979 fekk NAVFs pris for populærhistorisk verksemd. I 1978 deltok han i Cappelens noregshistorie og i 1996 i Aschehougs noregshistorie. Han har også skrive ei rekke store lærebøker i historie som har vore nytta ved universitet og høgskular i ei årrekke. I oversynsverka og lærebøkene fekk han brukt breidda i eiga forsking til fulle, og viste korleis det lokale kunne kombinerast med det globale. Ei djup innsikt i og kunnskapar om enkeltmenneska i fortida vart kopla saman med allmenne teoriar om befolkning og økonomi, og vart formidla konsist og forståeleg.

Ståle var svært oppteken av undervisning og studiekvalitet, både som undervisar og i leiande verv ved instituttet. Han hadde stort engasjement for korleis studentane opplevde og hadde utbyte av undervisninga, og dreiv eit systematisk evalueringsarbeid lenge før dette vart påkrevd, noko som også gav instituttet ein nasjonal pris for studentevaluering i 1997. Ståle var heller ikkje redd for å prøve moderne teknologiar i undervisninga, og var aktivt med då Historisk institutt kring 1990 saman med NRK starta opp fjernundervisning i norsk historie.

Som forelesar var Ståle framifrå: Han nærma seg talarstolen forsiktig og reservert, men på podiet, eller ofte framfor podiet, oste han av engasjement, kunnskap og kontroll. Tilhøyraren vart imponert over at han tilsynelatande utan manus evna å formidla uhyre klart, presist og med plan. Han dyrka denne munnlege forma og kommunikasjonen med tilhøyrarane. Det var berre mogleg gjennom svært godt førebudde forelesingar.

Som fagdebattant og kritikar trefte han alltid spikaren på hovudet, og for den kritikken råka, kunne det kjennast. Ståle hadde kontroll på detaljane, men i både rettleiing og diskusjon la han vekt på det overordna og hovudlinjene. Mange studentar har i løpet av åra hatt gleda av å ha Ståle som rettleiar, og erfart han som konstruktiv, presis og støttande.

Med Ståle Dyrvik har ein engasjert forelesar, ein formidlar av rang, ein forskarkapasitet og god kollega gått bort. Tankane går til familien, og me lyser fred over minnet til Ståle.

Vener og kollegaer ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap og Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS