MINNEORD

Narve Bjørgo
Narve Bjørgo gikk bort 9. mars i år.

Til minne om Narve Bjørgo

Kolleger og venner ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap minnes professor emeritus Narve Bjørgo som gjekk bort 9. mars. 

Professor emeritus Narve Bjørgo døydde 9. mars 88 år gammal på heimstaden i Meland. Han tok hovudfag i historie ved Historisk institutt, Universitet i Bergen i 1964, og var deretter vit.ass. og universitetsstipendiat før fast tilsetting som førsteamanuensis 15. januar 1972. I november same år blei han professor ved Universitetet i Tromsø, og i åra 1985-89 var han rektor. Tida i Tromsø omtala han som særleg rik, både i møtet med landsdelen og i deltakinga i å bygge opp eit nytt fagmiljø. I 1991-93 var Bjørgo direktør for Norges allmennvitskapelege forskningsråd. Deretter hadde han arbeidsplass ved Historisk institutt ved UiB fram til pensjonsalder, og der han frå hausten 1994 i ein femårsperiode var tilsett som professor II. Han var og styreleiar for Center for Medieval Studies i 2003.

Bjørgo var ein markant skikkelse i norsk universitets- og forskingspolitikk. Han sat i Hernes-utvalet som la grunnlag for høgskolereforma i 1994, og leia arbeidet med ny kunnskapspolitikk for Nord-Norge. Han var styreleiar for Statens balletthøgskole (1994-95), Statens operahøgskole (1994-96) og Nynorsk kultursentrum og Ivar Aasentunet i Ørsta (1998-2002). Der kom Bjørgo sine store kunnskapar om norsk kultur- og språkpolitikk til full nytte. I 2002-06 var han den første styreleiaren for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (Nokut) som evaluerer og akkrediterer høgare utdanning. Som styreleiar var Bjørgo lyttande, tok tak i dei viktige spørsmåla og løyste konfliktar.

Som historikar var mellomalderen Bjørgo sitt felt. Arbeid med Håkon Håkonssons saga og norsk utanrikspolitikk vil bli ståande, saman med eit stort tal artiklar. Som førelesar skapte han engasjement, og velformulert framstilling var eit kjennemerke. I 2008 blei Bjørgo utnemnd til æresdoktor ved Universitet i Tromsø.

Venner og kolleger ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS