NYHET

Tre heldige gründerar fekk hjelp til startkapital. Førstepremien var 50 000 kroner, gitt av Sparebanken Vest.

Pengedryss over studentidear i Innovasjon Grand Prix

Det mylda av gode idear då studentane i Bergen endeleg kunne møtast fysisk igjen på The Change Conference. Dei beste fekk oppstartskapital med på vegen i Innovasjon Grand Prix.

Publisert Sist oppdatert

Danush Ramesh Anitha fra Universitetet i Bergen tok andreplass med sin idé om bruk av kunstig intelligens i kampen mot kreft, mens HVL-student Simen Ormberg tok førsteplass med sitt oppstartsselskap kvikkforsikring.no.

The Change Conference blei arrangert 31. mars av Bergen Entrepreneurship Academy (BEA), som er eit samarbeid mellom HVL, UiB og NHH. Studententreprenørskapskonferansen blei arrangert for første gong, men skal bli årleg.

UiB-student Dhanush Ramesh Anitha kom nesten heilt til topps med sin idé om korleis ein kan bruke AI til å gi betre kreftbehandling. Foto: Lars Grønnestad
Alexander Muri i Tastebuds ga studentane tips og råd om korleis dei skal presentere ideen sin. Foto: Dag Hellesund
Solveig Daae Wiig frå HVL kom på tredjeplass med Miljøvenn, som vil stimulere berekraft og resirkulering gjennom gamification. Foto: Lars Grønnestad
Gründer og ingeniør Kristine Spiten har blant mykje anna vore med på å starte Blueeye Robotics, som produserer små undervassdroner til bruk i ei rekkje næringar. Spiten er mellom anna kåra til World's Top 50 Women In Technology av magasinet Forbes, og jobbar i dag i Fearnley Securities. Foto: Dag Hellesund
Kvikk forsikring med HVL-student Simen Ormberg fekk førsteprisen. Selskapet skal gjere reiseforsikring tilgjengeleg i ein heildigitalplattform. Foto: Lars Grønnestad
Konferansier-trioen representerte sjølvsagt alle dei tre institusjonane. Foto: Dag Hellesund

- Studentane har i fleire år uttrykt eit ynskje for ei heilheitleg satsing på studentinnovasjon på UiB, så det varmar hjartet at det skjer i samarbeid med våre naboinstitusjonar i Bergen. Det er forfriskande å sjå så mange engasjerte studentar i denne tverrfaglege rørsla, og eg gler meg å sjå korleis entreprenørskapskulturen blant bergensstudentane utviklar seg framover, seier fag og forskingsansvarleg Oscar dos Santos Kvalsvik i studentparlamentet ved UiB.

Konferansen blei avslutta med middag og Innovasjon Grand Prix, der studentar frå alle institusjonane deltok. På tredjeplass kom HVL-student Solveig Daae Wiig, som vil utvikle appen Miljøvenn.

Interessen for konferansen var stor, med 250 påmelde studentar, og deltakarane fekk inspirerande påfyll for korleis dei kan drive med innovasjon og entreprenørskap.

Powered by Labrador CMS