YTRING

Viserektorkandidat for Team Samdal og professor i medievitenskap Kristine Jørgensen

Frå tankekraft til slagkraft gjennom innovasjon

Professor Kristine Jørgensen skriver om innovasjon.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Samfunnet er i rask endring og vi veit ikkje kva for ein kunnskap vi treng om ti eller tjue år. Det vi med stor sikkerheit kan seie, er at dei store samfunnsutfordringane – som klimakrisa, nye energiformer, eldrebølga og trongen etter pålitelege informasjons- og kommunikasjonskjelder – treng breie tilnærmingar der ein både jobbar på tvers av fag og samfunnssektorar.

Kunnskapsklyngene er ein heilt sentral reiskap for UiB som pådrivar for framtidig kunnskapsutvikling. Klyngeutviklinga ved UiB skjer på område der vi allereie har høg internasjonal fagleg kvalitet. UiB si klyngesatsing omfattar i dag medieklynga i Media City Bergen og helseklynga på Alrek, samt den marine klynga på Marineholmen, ei klimaklynge og ei energiklynge på Nygårdshøyden og ei middelalderklynge. Klyngene er ikkje berre ein viktig strategi for innovasjon og kunnskapsutvikling, men ein viktig infrastruktur for å få til samarbeid ikkje berre på tvers av disiplinar, men òg mellom universitet og samfunn. Kva vil Team Samdal gjere for å utvikle klyngestrategien vidare?

Gjennom klyngestrategien kan UiB vere tett på samfunnslivet i forskinga si. Forskarar kan utvikle problemstillingar som er direkte knytta til utfordringar arbeidslivet har. Samstundes får arbeidslivet tilgang til oppdatert forsking på området sitt. Saman skaper dette grobotn for nye tverrfaglege prosjekt med ei konkret forankring i aktuelle problemstillingar relevante og interessante for begge partar. Eit eksempel på eit omfattande prosjekt som har vakse ut frå samarbeidet i medieklynga, er senteret Mediafutures. Det nyleg etablerte senteret for forskingsbasert innovasjon (SFI) er eit tverrfagleg senter for utviklinga av ansvarleg medieteknologi, der UiB sine miljø for medievitskap, informasjonsvitskap og informatikk og partnarar frå UiO, UiS og Norce har gått saman med medie- og teknologibransjen representert ved blant andre TV2, Schibsted, NRK, IBM, Vimond og Vizrt i eit konsortium for å utforske og skape innovative løysingar som vil endre medielandskapet.

Klyngestrategien gir òg nye høve for arbeidslivsrelevant utdanning. Klyngene er tufta på forpliktande relasjonar mellom partane, og ein kan derfor utvikle utdanningstilbod der arbeidslivet blir kopla på i ei særleg aktiv rolle. UiB sine utdanningar i Media City Bergen er utvikla etter innspel frå medie- og teknologibransjen. Studentane har frå dag ein hatt høve til å jobbe med autentiske døme frå bransjen. Dette skjer gjennom prosjektarbeid basert på problemstillingar og pitchar frå bransjen og ved at studentane nyttar samme verktøy og arbeidsmetodikkar som arbeidslivet. Samstundes sikrar ein den faglege integriteten og kritiske tenkinga ved at studentane skal diskutere sitt praktiske arbeid i samanheng med forsking og fagleg litteratur. Eit viktig moment i denne tilnærminga til autentisk læring er å bruke metodar for innovasjon og entreprenørskap aktivt i undervisninga. Dermed blir dei kjende med metodar og prosessar for innovasjon i tillegg til at dei òg blir bevisst korleis deira kunnskap kan vere i stand til å bygge framtidas arbeidsplassar.

Klyngesatsinga er basert på ein ide om at innovasjon best skjer i dialog med samfunns- og arbeidslivsaktørar. Team Samdal har ei brei forståing av innovasjon som ikkje er avgrensa til kommersialisering og nytte, men som inneber nye måtar å omsette forsking og kunnskap på. Derfor er ikkje innovasjon noko som gjeld berre dei tekniske, praktiske og naturvitskaplege faga – det gjeld alle fagmiljø. Den pragmatiske tilnærminga vår til innovasjon handlar òg om å legge til rette for nye måtar å nytte analytisk tenking og vitskap på, og ikkje minst handlar det om å bevisstgjere kandidatane om korleis deira faglege kompetanse saman med evne til vitskapleg tenking og problemløysing gjer dei rusta til omstilling.

Sist, men ikkje minst er klyngesatsinga ei konstant påminning om at universitetet ikkje er eit elfenbeinstårn, men ein del av samfunnet. I klyngene kan vi som universitet vere der det skjer når det skjer, samstundes som det gir eit unikt høve til å nytte eit akademisk, vitskapleg og kritisk perspektiv frå innsida.

Team Samdal ønsker å trekke erfaringar frå Media City Bergen og dei andre klyngene i arbeidet med innovasjon i ulike fagmiljø. I denne prosessen blir det viktig å sjå på korleis ein i klyngene har jobba på fagmiljøa sine premiss. Samstundes er vi bevisste på at klyngestrategi berre er éi tilnærming og at innovasjon òg skjer i andre viktige møte mellom fagmiljø og samfunn. Andre verktøy for å sikre innovasjons- og entreprenørskapskompetanse kan vere utviklinga av tverrfaglege emne som til dømes Berekraftig innovasjon. Team Samdal er opptatt av at kva innovasjon er og korleis denne skal nyttast forankrast i det einskilde fagmiljøet. Kva innovasjon tyder innan matematikk er gjerne noko anna enn kva det tyder innan filosofi. Samstundes skal det vere eit høve, ikkje vere ei plikt, å vere del av ei klyngesatsing. Team Samdal vil evaluere klyngesatsinga og sjå på om det er slik at alle dei miljøa som ønskjer det har høve til å kople seg på. Samtidig vil vi stimulere til innovasjon gjennom møteplassar og infrastruktur som er mindre strukturerte enn klyngesatsinga. Slik vil vi gjere tankekraft til slagkraft.

Powered by Labrador CMS