NYHET

Alle fakulteta søkte om UiB idé-midlar

Studentar og tilsette frå svært mange ulike fagmiljø ønskjer å vere med på den første runden med UiB idé.

Publisert

UIB IDÉ

  • UiB idé er et verifikasjonsprogram for ansatte og studenter som vi teste ut sin innovasjon i tidligfase
  • Pilotprogrammet har en ramme på inntil 2 millioner kroner
  • Ansatte og studenter kan henholdsvis søke om inntil 500 000 og 100 000 kroner

UiB idé er UiBs nye innovasjonsprogram for idear som bør utviklast vidare før dei er klare for å søkje på andre ordningar. Ideane som blir plukka ut får ikkje berre finansiering, men rådgiving og hjelp vidare på vegen mot ein innovasjon som kan komme samfunnet til nytte.

Og det er mange som vil vere med på UiB idé: 21 tilsette og 15 studentar har søkt om finansiering frå den nye UiB idé-ordninga. Fristen gjekk ut tysdag denne veka, og på førehand var det vanskeleg å vite kor populær ordninga kom til å bli. Potten for 2021 er på to millionar kroner. Tilsette kan søkje om opptil 500 000 kroner, mens studentprosjekt kan få 100 000 kroner.

Rektor Margareth Hagen

Det medisinske fakultetet toppar lista over søkarar, med 11 prosjekt, frå både tilsette og studentar, og det matematisk-naturvitskaplege fakultetet hadde 9 søknader. Men innovasjon er langt frå berre legemiddel og patentering, og frå alle fakulteta, samt Universitetsmuseet, kjem det søkarar.

Det er rektor Margareth Hagen er særleg glad for:

- At alle fakulteta har søkt om å ta del i ordninga viser at eit breiddeuniversitet som UiB kan bidra med mange former for innovasjon i samfunnet. At dette berre er første året vi gjennomfører programmet gir grunn til optimisme, seier Hagen, som hadde nettopp innovasjon som ein del av sin valplattform.

Viserektor for tverrfaglig virksomhet og store satsinger Robert Bjerknes.

Fleire av prosjekta handlar om sosial innovasjon, og berekraft er eit tema i dei fleste søknadane. Ein ekstern komité skal evaluere søknadane, før dei beste ideane blir kåra.

- At vi har fått så mange søknader, og frå heile universitetet, medrekna Universitetsmuseet, er veldig, veldig gledeleg. På førehand var vi litt usikre på kor mange søknader som ville komme, og søknadsfristen var kort, seier viserektor Robert Bjerknes, som har eit særleg ansvar – og hjarte for – innovasjon, til På Høyden.

No ser han fram til å få presentert breidda av idear som har kome inn, og sjå kva idear som til slutt når opp.

- Men det er òg veldig viktig at vi behandlar dei som ikkje får tildeling på ein god måte, og at alle får tilbakemelding på ideen sin. Ein del av dei kan gjerne sendast vidare til VIS, eller jobbast internt med på fakulteta.

FORDELING AV SØKNADAR

Det medisinske fakultetet 11

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet 9

Det samfunnsvitskaplege fakultetet 4

Fakultetet for kunst, musikk og design 4

Det juridiske fakultetet 3

Det psykologiske fakultetet 3

Det humanistiske fakultetet 1

Universitetsmuseet 1

Powered by Labrador CMS