I VINDEN

Måsen på kontoret kan til alt hell ikkje drite, men er ei påminning om ei av mange utfordringar for studentleiar Sandra Amalie Lid Krumsvik i 2020.

Stod støtt i koronaprega studiestart (og måsedrit)

Publisert Sist oppdatert

I VINDEN DENNE VEKA

Namn: Sandra Amalie Lund Krumsvik, leiar for Studentparlamentet

Aktuell med: Ny leiar for Studentparlamentet i ein studiestart prega av korona

Korleis har du det om dagen?

Veldig bra! Eg får energi av å jobbe masse i eit hektisk miljø og vere sosial. Det vert ein spanande haust, og eg håper at vi får vere på campus framover.

Kvifor valte du studentpolitikken?

Valte og valte … Gir du veslefingeren til studentpolitikken, tek han heile handa. Eg var leiar for fagutvalet ved samanliknande politikk då eg i fjor blei spurt om å toppe Sosialdemokratisk liste til Studentparlamentsvalet. Det enda med at eg blei valt til nestleiar i arbeidsutvalet, og frå juli i år har eg vore leiar.

Korleis har dei første månadene som leiar vore?

Det har vore hektisk, kjekt og lærerikt. Eg står midt i stormen og har fått kjenne på å vere i beredskap og ta store avgjersler.

Kva har gleda deg mest den siste tida?

Samhaldet blant studentane. Då vi i mars plutseleg satt kvar for oss på tronge hyblar, var vi likevel der for kvarandre. Eg er imponert over evna til å omstille seg.

Kva har irritert deg?

Media, definitivt. Eg opplever at både troll i kommentarfelta og nokre journalistar har framstilt studentane som ufyselege og uansvarlege. Vi har også opplevd liknande haldningar frå nasjonale og lokale myndigheiter.

Kvar gjer du når du blir irritert?

Då seier eg frå! No sist yppa eg vel på meg kommunen då eg kritiserte den frivillige karantenen etter fest som gjorde det veldig vanskeleg for mange studentar.

Korleis har det vore å vere so mykje i media som UiB-studentane sin øvste leiar?

Ein må vere ganske rakrygga, men det kjem eigentleg naturleg for meg å slå tilbake mot det eg meiner er urimeleg. Eg vil kjempe mot myten at studentane ikkje tek ansvar. Det er heller ikkje min jobb å vere einig med verken rektor eller byrådsleiar.

Kva har du lært av denne studiestarten?

Å stå støtt i stormen! Eg har og lært at det er viktigare enn nokon gong med ei tydeleg studentstemme når ein står i ei krise. Myndigheitene gløymer lett studentane i utviklinga av krisepakkar og andre tiltak. Eg opplever at sydeturistar og hytteeigarar har fleire rettar enn studentane.

Kva gler du deg mest til framover?

Eg gler meg mest til å få jobbe med det vanlege politiske arbeidet igjen, ikkje berre beredskap. Det er like rundt hjørnet, heldigvis.

Fortel om den måsen som heng over pulten din …

Det er ein intern spøk, og eg står i fare for å kome på jobb til både måseskrik og andre stunt seinare. Her er historia: På veg til jobb i sommar vart eg intervjua av lokalavisa Nytt i uka heime i Ålesund. Plutseleg kom ein måse stupande mot hovudet mitt og dreit over heile meg. Eg måtte legge på, men måsedramaet blei sjølvsagt del av intervjuet.

FEM KJAPPE:

Rektor for ein dag? Kva for ei sak tek du først tak i?

Ah, draumen dette! Eg hadde stilt til val som rektor om det ikkje var for professorkravet. Første saka mi ville sjølvsagt vore studentinvolvering. Dag Rune og gjengen skal ha skryt for fokus på dette i dag, men vi kan aldri ta studentdemokratiet for gitt.

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB?

Då prioriterer eg venene mine, både dei innanfor og utanfor den studentpolitiske bobla. Når eg først kjem heim er eg ofte sliten og då koplar eg av med ein telefon heim til mor og far i Ålesund, god mat, ein podcast eller min største «guilty pleasure»; reality-seriar.

Kva for bok vil du råde fleire UiB-folk til å lese?

Eg har litt lite leseinspirasjon om dagen, men har sjølv fått anbefalt Why we sleep av Matthew Water. Det aner meg at fleire kan ha nytte av den. Søvn er utruleg viktig og lett å gløyme i ein hektisk studiekvardag.

Du får ein tidsmaskin? Til kva for ei tid reiser du, og kvifor?

Vanskeleg å velje berre ein epoke, altså. Eg har alltid hatt lyst til å oppleve Hollywoods Golden Age som prisløna skodespelar. Elles må det bli heilt tilbake til den moderne renessansen grunna den sosiale, politiske og kulturelle utviklinga, ikkje minst klesmoten.

Kva for stad i Bergen viser du først til ein som er ny i byen?

Soleklart Nygårdshøyden, den vakraste plassen i byen. Det er her eg bur, jobbar, lever!

Og til slutt: Sandra fekk valet om å gjere dette intervjuet på bokmål eller nynorsk. Etter ein tenkjepause blei det nynorsk, sjølv om bokmål var hovudmålet på skulen:

– Det var ikkje min feil! Eg blei «snikbokmålifisert» i Ålesund. Det var sjølvsagt meininga at eg, med foreldre frå Ørsta og Volda, skulle ha nynorsk, men det var ikkje nok elevar til å fylle eigen nynorskklasse. Sidan har eg vorte erta for bokmålet i familielag. På tide å slå tilbake!

Kvar veke intervjuar På Høyden ein aktuell tilsett eller student i spalta “I vinden”. Tips oss om UiB-folk som er i vinden på interndesk@uib.no

Powered by Labrador CMS