I VINDEN

Å møte ulike grupper i samfunnet er ein viktig del av jobben som valobservatør, som her i East Mount Zion Baptist Church i dei indre bydelane i Cleveland.

I vinden: Seks veker i USA som valobservatør

– Som valobservatør blir ein godt kjend med den delen av det amerikanske samfunnet som krinsar rundt presidentvalet, seier jurist og innovasjonsrådgivar Dag Hellesund. 

Publisert Sist oppdatert

I VINDEN

Navn: Dag Hellesund

Stilling:   Jurist og innovasjonsrådgivar på Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA)

Aktuell med: Valobservatør i USA gjennom OSSE under det amerikanske presidentvalet

Korleis har du blitt valgobservatør, og kvifor valte du bli det?

Det er veldig interessant å observere val rundt omkring i verda, og det er ein måte å gi eit lite bidrag til demokratisering av ulike land, og at demokratiske system fungerer best muleg. Det er NORCAP som rekrutterer og lærer opp valobservatørar i Norge. Under USA-valet er vi på oppdrag for Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa, OSSE. Oppdraget i USA varer i seks veker, så eg blir her ca. ei veke etter valdagen 5. november.

Kva er oppgåvene dine som valobservatør?

Som valobservatør er noko av jobben å observere kva som faktisk skjer i vallokala på valdagen. Men under val som det amerikanske ligg mesteparten av oppgåvene før valet: Vi dreg rundt i området vi har ansvar for å observere, og har møte med mange ulike aktørar i valet, som til dømes valmedarbeidarar, politiske parti, organisasjonar, journalistar og vanlege veljarar.

Vi bur i ein koffert, og blir godt kjende med amerikanske motorvegar.

Dag Hellesund

Korleis er det å observere valet?

Saman med partnaren min, som er frå Serbia, har vi fått ansvaret for å dekkje delstaten Ohio, der Columbus er hovudstad. Vi reiser rundt i heile staten, som ligg rett sør for innsjøen Erie, og møter mange hyggelege menneske. Som valobservatør blir ein godt kjend med den delen av samfunnet som krinsar rundt valet. Vi bur i ein koffert, og blir godt kjende med amerikanske motorvegar.

Kva er amerikanarane mest opptatt av når det gjeld valet etter di oppfatning?

Når det gjeld kva vi observerer og kva folk er opptekne av kan eg ikkje seie så mykje, fordi det fort kan gi eit galt bilete av valet. Som observatørar rapporterer vi inn til ei gruppe analytikarar som sit i Washington DC, og dei lager fleire rapportar om valet. Det kjem ein mellombels rapport 6. november, og ein endeleg rapport ca. 8 veker seinare, som gir råd om kva som kan gjerast betre. Valobservasjon var eit tema Frank Aarebrot brann for, og som gamal Sampol-ar er det ekstra gledeleg å jobbe med dette!

Fem kjappe

Rektor for ein dag – kva sak tek du først tak i?

Først opnar eg den store innovasjons- og omstillingskonferansen som handlar om korfor UiB har lukkast så godt med å bidra til den vellukka, grøne omstillinga både regionalt og internasjonalt. Seinare, mens eg sit på kontoret og skuar ut over Muséplass, ringjer dei jammen meg frå Nobelkomiteen og seier at ein av våre forskarar har fått Nobelprisen!

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB?

Då kosar eg meg med den herlege familien min! Med mindre eg er ute på valobservasjon…

Kan du anbefale ei bok fleire UiB-folk bør lese?

Det er viktig med ei god balanse mellom teori og praksis i livet. I boka Mur, far og dotter av Kjersti Aase Winjum fortel no avdøydde Haakon Aase om korleis ein kan skape noko vakkert og varig av grå stein, ved hjelp av sveitte, jarn - og litt blod.

Du får ei tidsmaskin! Kva tid reiser du til og kvifor?

Turen går til år 2100. Då finn eg svaret på mange av spørsmåla vi balar med i dag: Kva løysingar treng vi for framtida?

Kva sted Bergen viser du først til ein som er ny i byen?

Fløibanen opp og gå ned, med påfølgjande mat og drikke på ei historisk skjenkestove er ein klassikar.

Powered by Labrador CMS