NYHET

Kandidatane som stiller til val for Gruppe B. Frå venstre: Emil Julien Stautland Perron, Ida-Elise Seppola Asplund, Sergej Tchirkov, Khadra Yasien Ahmed og Peter Sebastian Hatlebakk.

Hugs å stemme ved universitetsstyrevalet

Den 15. april opnar valet til universitetsstyret. I år skal det veljast inn representantar for dei midlertidig tilsette i undervisnings- og forskarstilling.

Publisert Sist oppdatert

Årets valperiode for val av kandidatar til universitetsstyret varer frå 15. april klokka 09.00 til 18. april klokka 12.00.

Her kan du gi din stemme.

Det haldast storval til universitetsstyret kvart fjerde år, med unntak for midlertidig vitskapelege tilsette i undervisnings- og forskarstillingar og studentar som veljast kvart år. I år skal det berre veljast inn kandidatar frå Gruppe B, altså dei midlertidig tilsette.

Det skal veljast eitt styremedlem og minst to varamedlemmer.

– Å sitte i styret til UiB er eit viktig verv, kanskje spesielt for dei midlertidig tilsette. Dei er på alle måtar den mest sårbare gruppa av tilsette – all den tid dei er midlertidig tilsett. Dette er eit verv som betyr noko og du har ein reel sjanse til å påverke dine kollegaers arbeidskvardag og utviklinga av universitetet, seier Eirik Holmøyvik som er leiar for det sentrale valstyret ved UiB.

Årets kandidatar er:

· Stipendiat Khadra Yasien Ahmed, MED

· Stipendiat Ida-Elise Seppola Asplund, SV

· Stipendiat Peter Sebastian Hatlebakk, HF

· Stipendiat Emil Julien Stautland Perron, HF

· Stipendiat Sergej Tchirkov, KMD

Les meir om kandidatane og årets val her.

Preferanseval

Valordninga på UiB er såkalla preferanseval. Det betyr at du rangerer kandidatane i den rekkefølgja du ønsker at kandidatane skal veljast.

– Når det berre skal veljast éin kandidat som i dette valet, sikrar denne valmodellen at den kandidaten som blir vald har stor oppslutnad, også blant veljarar som ikkje hadde kandidaten som fyrsteval, seier Holmøyvik.

Sjekk manntalet

I utgangspunktet skal alle dei som har stemmerett vere registrerte i manntalet. Det kan likevel vere lurt å sjekke om du er registrert. Det kan du gjere her.

Powered by Labrador CMS