INNOVASJON

UiB idé gir tilsette og studentar moglegheit til søke om støtte til å teste ut sin ide.

Ny søknadsrunde i innovasjonsprogrammet UiB idé

UiB IDÉ

  • UiB idé er eit verifikasjonsprogram for tilsette og studentar som vi teste ut sin innovasjon i tidleg fase
  • Pilotprogrammet har ei ramme på inntil 2 millionar kroner
  • Tilsette og studentar kan høvesvis søke om inntil 500 000 og 100 000 kroner
  • Nytt i år er UiB tidleg idé, der ein kan få inntill 25 000 kroner til kvart prosjekt.
  • Les meir om kriteria og korleis du kan søkje UiB idé her.

Då UiB for første gong lyste ut UiB idé, eit innovasjonsprogram for idear i ein tidleg fase, kom det søknadar frå heile universitetet. No er programmet opent for ein ny runde.

- UiB idé er eit viktig verktøy i UiBs arbeid for at forsking skal bli tatt i bruk. Det er ment for idear i tidleg fase. Eg håpar forskarar og studentar bruker juleferien til å tenkje igjennom om dei har forskingsresultat eller kunnskap med innovasjonspotensiale, seier viserektor Gottfried Greve.

UiB tidleg idé

Viserektor Gottfried Greve oppfordrar forskarar og studentar til å søke midler frå UiB idé.

Forskarar kan søkje om opptil 500 000 kroner i midlar, og for studentar er grensa 100 000 kroner. Men denne gongen blir det òg lyst ut ein mindre pott med opptil 25 000 kroner til kvart prosjekt, kalla UiB tidleg idé. Desse midla kan ein søkje om og få tildelt gjennom heile året, og dei rettar seg både mot studentar og fagleg tilsette.

- UiB idé er svært viktig for å stimulere til nysgjerrigheit og innovativ tenking frå forskingsmiljøa ved universitetet. Eg håper mange lar seg inspirere og ser dette i samanheng med mulegheiter for vidare finansiering frå både Horisont Europa og Forskingsrådet. Det er mykje læring i det å vere med på søknadsrunden. Eg er stolt over at ein ikkje berre får finansiell støtte, men òg rettleiing undervegs, med tilbakemeldingar frå ein svært kompetent komité, seier Greve.

Les heile saka på uib.no.

Powered by Labrador CMS