KORTNYTT

Første møte i Innovasjonsutvalet

UiB har fått eit heilt nytt bein å stå på: Denne veka hadde innovasjonsutvalet sitt første møte.

– For meg er innovasjon eit heilt eige fag, og eit ganske komplisert fag, sa viserektor Gottfried Greve under opninga.

Frå før har UiB eit eige forskingsutval og eit utdanningsutval. No har òg innovasjonsarbeidet til universitetet fått eit eige utval, som skal spele ei sentral rolle i UiBs satsing på innovasjon. Utvalet har representantar for studentar, Universitetsmuseet og alle fakulteta, og er leia av viserektor Greve.

Innovasjonsutvalet skal gi råd til universitetsleiinga i innovasjonsstrategiske spørsmål, og bidra til å byggje kultur for innovasjon ved universitetet. Å sikre gode vilkår for og identifisere initiativ som kan styrke den forskingsbaserte innovasjonen ved universitetet er òg viktige oppgåver, samt bidra til å auke ekstern finansiering av innovasjon