I VINDEN

Ingrid Spildo Nordhuus
Ingrid Spildo Nordhuus ved Kommunikasjonsavdelinga er prosjektleiar for Viten-TV.

Har laga ny strøymeplattform for forskingsinnhald

– Sjølv om me i dag har tilgang til informasjon frå alle kantar, er det ei utfordring å vete kven som står bak innhaldet og om det er til å stole på. Det er her Viten-TV kjem inn. Viten-TV tilbyr kun forskingsbasert innhald, fritt for algoritmisk styring eller kommersielle interesser, seier Ingrid Spildo Nordhuus som er rådgjevar ved Kommunikasjonsavdelinga og prosjektleiar for Viten-TV.

I VINDEN

Navn: Ingrid Spildo Nordhuus

Aktuell med: Prosjektleiar for Viten-TV

  • Viten-TV er ei open strøymeplattform for forsking- og kunnskapsformidling frå Universitet- og høgskulesektoren i Norge. 
  • Eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger og UiT Norges arktiske universitet.
  • På Viten-TV vil du finne innhald frå seks hovudkategoriar: Naturvitskap, teknologi, samfunn, miljø, helse og kultur.

Kva er Viten-TV?

Viten-TV er ei strøymeplattform for formidling av kunnskap og forsking frå UH-sektoren. Plattforma er eit resultat av eit samarbeid mellom fleire sentrale utdanningsinstitusjonar - Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universitetet i Stavanger (UiS) og UiT Norges arktiske universitet. Prosjektet starta på grunn av mangel på ein felles plattform for deling av audiovisuelt innhald frå UH-sektoren, då NRK la ned Kunnskapskanalen.

Viten-TV finn du her: Viten-TV  |  Lansering av Viten-TV 16. september

Viten-TV representerer eit unikt og nyskapande samarbeid på tvers av akademia, der institusjonane viser teknologiske musklar og tar sitt samfunnsoppdrag på alvor. Målet med Viten-TV er å gje allmennheita tilgang til påliteleg og kvalitetssikra innhald, samla på ein stad. Utan reklame eller kommersielle interesser kan sjåarane utforske eit breitt spekter av audiovisuelt innhald som dekker alt frå aktuelle hendingar til dyptgåande vitskaplege tema.

Det som gjer Viten-TV spesielt, er at eigarinstitusjonane tar kontroll over eige innhald og står utanfor dei store teknologigigantane. Plattforma fyller eit behov for ein plass der forskingsinnhald kan delast utan å bli styrt av eksterne aktørar eller algoritmar. Dette gjer rom for formidling av alt frå korte snuttar om aktuelle tema til meir omfattande, vitskaplege dypdykk. På Viten-TV tør me å gå smalt og i dybden, og trur på fagfilmens kraft til å engasjere, fordi mottakaren er interessert i tematikken. Plattforma sørgjer for at både historisk gull frå arkivet og nytt innhald blir tilgjengeleg på ein måte som er tilpassa dagens bruksvanar.

Lansering av Viten-TV
Lansering av Viten-TV skjer på Media City Bergen 16. september.

I dag finnes det informasjon over alt i alle kanalar. Kvifor treng vi Viten-TV?

Sjølv om me i dag har tilgang til informasjon frå alle kantar, er det ei utfordring å vete kven som står bak innhaldet og om det er til å stole på. Det er her Viten-TV kjem inn. Viten-TV tilbyr kun forskingsbasert innhald, fritt for algoritmisk styring eller kommersielle interesser. Dette sikrar at sjåarane får trygg, påliteleg kunnskap, noko som er spesielt viktig i ei tid der KI-generert innhald, desinformasjon og ‘fake news’ florerer. Samstundes ser me at media ofte ikkje har moglegheit til å gå i dybden på komplekse tema. Det finnes rett og slett ikkje ein stor nok stad som tilbyr trygg og fri tilgang til forskingsbasert kunnskap, så me skapte Viten-TV for å fylle dette tomrommet.

Universitet og høgskular har alltid hatt ei viktig samfunnsoppgåve i å formidle kunnskap. I løpet av dei siste tiåra, spesielt etter digitaliseringa sin framvekst, har det blitt produsert ein enorm mengde audiovisuelt innhald frå sektoren. Behovet for ein samla infrastruktur, der dette innhaldet kan delast på ein tilgjengeleg og organisert måte, har aldri vore større. I dag manglar me ein offentleg tilgjengeleg plattform som samlar og forvaltar all denne verdifulle kunnskapen. Her har Viten-TV ei unik rolle – som sørgjer for at både ny og eksisterande kunnskap blir gjort tilgjengeleg for samfunnet, på ei plattform som er fri for reklame og kommersielle omsyn.

Dette betyr også at me står uavhengige av tredjeparts sensur, noko som gjer oss friheit til å formidle viktig kunnskap utan risiko for at innhald blir fjerna eller endra. Eg er overtydd om at Viten-TV er ein milepæl innan forskingsformidling, med målet om å dele kunnskap fritt og tilgjengeleg for alle.

Korleis har det vore å jobbe med Viten-TV?

Det har vore utruleg spanande og gjevande å jobbe med Viten-TV. Samarbeidet på tvers av fleire institusjonar har vist kva me kan få til når me er mange som jobbar mot eit felles mål. Me har kunne dra nytte av spisskompetansen som kvar institusjon set på, noko som har resultert i mange involverte i samarbeidet og god framdrift. Me har jobba hardt for å byggje ein plattform som både bevarer historisk videomateriale og nye produksjonar, og samtidig kan engasjere og formidle forsking på ein tilgjengeleg måte. Arbeidet har gjennom åra også hatt sine utfordringar, men det har vore verdt innsatsen for å skape noko som både UiB som institusjon, partane i samarbeidet og ikkje minst samfunnet kan ha stor nytte av.

Korleis trur du lanseringa blir?

Dette er noko me har jobba lenge med. Å endeleg kunne presentere Viten-TV for offentlegheita er stort for prosjektet, og for dei fire samarbeidande partane. Lanseringa markerer starten på noko som vil vekse og forhåpentlegvis inkludere fleire institusjonar i framtida, slik at me kan styrke kunnskapsformidlinga og bidra til eit meir informert samfunn. Eg håpar det kjem mange på lanseringsdagen for å feire opninga av Viten-TV saman med oss.

Bli med på lansering av Viten-TV 16. september på Media City Bergen.

Fem kjappe

Rektor for ein dag – kva sak tek du tak i først? 

Om eg var rektor for ein dag, ville eg auka satsinga på produksjon og audiovisuell formidling av forsking endå meir. Eit mål ville vore at alle forskingsprosjekt skal bruke video som ein del av formidlinga.

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB? 

Eg er veldig familiekjær og bruker mykje tid saman med nærmaste familie og vener. Eg er elles veldig glad i å gå turar, og tilbringar mykje tid på fjellet.

Kan du anbefale ei bok fleire UiB-folk bør lese? 

I småbarnsfasen er det ikkje så mykje tid for meg til å lese, men eg er i gang med boka «Mikrovaner», av James Clear. Den har vore fin og nyttig for meg.

Du får ei tidsmaskin! Kva tid drar du til og kvifor? 

Eg ville reist tilbake til 1600-talet for å sjå korleis mine forfedre dreiv garden eg kjem frå på Spildo i Granvin. Det ville vore fascinerande å oppleve deira kvardag, deira arbeidsmetodar og sjå korleis dei meistra utfordringane med naturen og ressursane dei hadde tilgjengeleg. Det ville også vore ein unik måte å forstå historia som har forma både meg og garden eg kjem frå.

Kva stad i Bergen viser du først til ein som er ny i byen? 

Utan tvil Fløyen. Det er ein kort tur frå sentrum, og utsikta frå toppen gjer deg eit fantastisk overblikk over byen og fjella rundt. Det er ein perfekt måte å få ei kjensle av Bergens unike kombinasjon av natur og urban kultur.

Powered by Labrador CMS