KORTNYTT
Formidlingsprisen til Synnøve Bendixsen
Styret ved SV-fakultetet delte i dag ut Formidlingsprisen 2021 til førsteamanuensis Synnøve Bendixsen for hennar omfattande formidlingsarbeid om migrasjon, integrasjon og foreldreskap.
– Å bidra til å sette fokus på migrantar og flyktningar sin situasjon har alltid vore viktig for meg som antropolog, sa førsteamanuensis Synnøve Bendixsen i det ho tok imot SV-fakultetets Formidlingspris 2021.PS
Fokus på migrantar og flyktnigar sin situasjon
Komiteen la vekt på hennar forankring i eiga forsking om irregulære migrantar i Europa, og om kvardagslivet for familiar i ein multietnisk bydel i Bergen. Komiteen legg også vekt på hennar bidrag til doku-fiksjonsfilmen Birthday Parents, som har vekka refleksjon og bevisstgjering om korleis foreldre med migrasjonsbakgrunn blir møtte i Norge.
– Å bidra til å sette fokus på migrantar og flyktningar sin situasjon har alltid vore viktig for meg som antropolog, og eg takkar for denne anerkjenninga frå fakultetet. Eg har ikkje stått aleine om dette formidlingsarbeidet. Særskilt vil eg takke migrantar og flyktningar som har delt sine historier, samt kollega Hilde Danielsen i Norce som leia Parentic Cultures, sa Bendixsen.