NYHET

- Eg ser fram til å bli kjent med fakultetet, seier Gabriel Kvendseth, som er tilsett som ny produsent ved Fakultet for kunst, musikk og design.
- Eg ser fram til å bli kjent med fakultetet, seier Gabriel Kvendseth, som er tilsett som ny produsent ved Fakultet for kunst, musikk og design.

KMD styrkar arbeidet med kunst- og designutstillingar

Kunstnar og kulturarbeidar Gabriel Kvendseth er ny produsent ved KMD. Han skal ha produsentansvar for utstillingar ved Institutt for design og Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst.

Publisert Sist oppdatert

Hei og gratulera med ny jobb som produsent ved KMD?

- Takk! Det er jo ei nyoppretta stilling, så eg ser fram til å bli kjent med fakultetet og forme innholdet i arbeidet underveis. I hovudsak skal eg jobbe med utstillingar ved KMD, men også med disputasar, symposium og seremoniar. I løpet av eit år er det ein god del arrangement, som til dømes avgangsutstillingar, både på master- og bachelor-nivå. Vi har Rom 61. Mange av utstillingane er store og profesjonelle utstillingar med stor arbeidsbyrde. Til no har det vore ein produsent i full stilling ved KMD, og han har hatt ansvar for rundt hundre konsertar ved Griegakademiet, i tillegg til seremoniar. No skal vi dele det meir mellom oss, med Tveitane på musikk og eg på Institutt for design og Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. I tillegg har vi Anette Andersen i femti prosent stilling som produsent.

Eg har alltid syntest at produsent er eit litt mystisk ord. Kva gjer de eigentleg, sånn heilt konkret?

- Eit greit norsk ord er å avvikle. Som produsent skal eg helst vere litt usynleg. Mykje av arbeidet går på praktiske ting og planlegging, halde fast i alle trådene, passe på at alle gjer det dei skal og at ting blir gjort. Sjå kvar det er behov for ressursar. Så eg må være tekniker, stagehand, mentor, produsent, alt etter hva som trengs. Eg synest det er veldig fint å jobbe med kunst og kultur og legge til rette til for at det kan utfolde seg uten at eg har det har det kunstneriske ansvaret. Med alle utstillingane ved Kunstakademiet og ved Institutt for design har det vore for stor arbeidsbyrde for eksterne kuratorer, stab og studentar, så målet er at eg skal komme inn tidleg og hjelpe dei, seier Kvendseth, som begynte i jobben for to månader sidan.

Det er ei spesiell tid å bli ansatt som produsent, korleis er det å arrangere utstillingar i ein global pandemi?

- Det er klart at corona påvirkar jobben vår. Vi kan ikkje ha dei store åpne arrangementa som kjenneteiknar kulturfeltet. Det blir eit begrensa antal på ein heilt annan måte enn før. Vi må passe på å ivareta smittevern og avstand. Så ein må på ein måte etablere nye system for denne unntakstilstanden som er no.

Du er jo billedkunstnar, kan du fortelje litt om kunstnarskapet ditt?

- Sjølv om eg no for første gong har full jobb, vil eg forsøke å holde kunstnerskapet mitt både aktuelt og aktivt. Eg jobbar med skulptur og har gjort det i lang tid. Eg formar om gjenbruksmaterialer, og skapar nye forbindelsar og narrativ. Det begynte med at eg ikkje hadde råd til dei materialane eg ønska meg, og til slutt fann eg ein slags fridom i den avgrensa materialtilgangen. Eg begynte å samle på forlatte ting, fra fortauskantar frå kjellarar, loft og bakgårdar. Eg samlar både kultur og naturmaterialer, tre, matall og plast. Alt eg bruker er restar. Eg jobbar mykje med våpen, verktøy, tau og stein i mine kunstneriske installasjonar og driv ein del med intervensjoner på stader, i ein slags interaktiv performance-hybrid, der eg i staden for å stille ut, inviterer publikum inn for å delta.

Kan ein kalle dette dine eigne kunstneriske dogmeregler?

- Nei, reglar er å ta for hardt i, dette er meir rettleiande. Og om det er reglar kom dei i såfall i etterkant, meir som ein konsekvens av dårleg økonomi, seier Kvendseth som var ferdig på Kunsthøgskolen i Bergen i 2013, og kjem frå mange stader. Han har vokse opp i skogane i New Hampshire og Massachusetts USA , i Nord-Troms og på Nordmøre. Mest heime for Kvendseth er Karlsøy i Troms, kjend som ein smeltedigel, der det på 1970-talet flytta mykje annleistenkande og friheitssøkande folk.

Du er ein av dei utvalde kunstnarane til Høstutstillingen 2020, kva deltek du med der?

- Eg trur eg vil nøye meg med å kalle det ein stadleg intervensjon i trappegangen til Kunstnernes hus i uunngåelig dialog med Per Kroghs ikoniske takmaleri.

Kva er det neste vi kan gle oss til av kulturarrangement ved Fakultet for kunst, musikk og design?

- 2. oktober opna stipendiat Magnhild Øen Nordahl si utstilling «Unmaking Abstraction», og om nokre veker er det internasjonale symposiet «Transposition As Artistic Practice» som professor Hilde Kramer står bak, som vel blir KMD sitt første heldigitale symposium. Etter kvart håpar eg vi går tilbake til normalen: At det er så mange utstillingar, arrangement og konsertar at eg ikke klarer å holde oversikt.