YTRING

Skribent John Magnus R. Dahl er postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Etter exphil må me avlære studentane

– Eg har fått nye faglege briller eg kan bruke til å kikke på exphil. Diverre må eg konkludere med at det ikkje held mål, og at nokon bør ta tak i dette, skriv John Magnus R. Dahl som er postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Eg har nyleg vore i nærkontakt med Exphil. Det har ikkje vore eit hyggeleg gjensyn. Exphil-undervisinga i argumentasjon ved dei fleste fakulteta på UiB har nemleg store problem, fagleg og pedagogisk.

Sidan eg sjølv tok exphil i 2009 har eg pådratt meg ein master i argumentasjonsteori og ein doktorgrad i medievitskap og retorikk. Eg har også undervist i argumentasjon ved UiB, og erfart kva studentar som har gjennomgått exphil allereie kan om emnet. Vanlegvis er det kunnskap eg må avlære dei. Eg har altså fått nye faglege briller eg kan bruke til å kikke på exphil. Diverre må eg konkludere med at det ikkje held mål, og at nokon bør ta tak i dette.

Det er tre grunner for kvifor exphil ikkje held mål.

Exphil blandar evaluering og analyse, og klarer difor ikkje å lære vekk grunnleggande prinsipp for edruleg tekstanalyse.

I ein analyse ser ein på kva som faktisk står i ein konkret tekst. Problemet er at læreverket Språk og Argumentasjon plutseleg presenterer ei analyse med eit argument mot eit av argumenta som står eksplisitt i teksten (sjå t.d. s. 46). Det er ikkje heilt klart kvar dette motargumentet kjem frå, men med litt godvilje kan ein lese seg fram til at det er ein freistnad på å lære vekk korleis ein kan evaluere om eit argument er godt eller ikkje.

Evaluering er kanskje heile poenget med argumentasjonsanalyse. Problemet er at ei argumentasjonsanalyse vel først burde konsentrere seg om kva som faktisk står i teksten ein analyserer, og så evaluere? At dette ikkje blir gjort i exphil fører for det fyrste til at det blir uklart korleis ein skal gå fram når ein evaluerer argumentasjon. Ein kan jo alltid finne motargument – men når skal ein stoppe, og med kva autoritet kan ein slå fast at eit motargument i seg sjølv er godt nok til å ta med i evalueringa?

For det andre underminerer exphil slik ein gullstandard for teksttolking, nemleg at ein skal utvise velvilje i møte med ein tekst, freiste å forstå på sine eigne premiss, og som så rasjonell som mogleg. Å introdusere motargument som ikkje ei gong er implisitte, men berre tenkjelege, i ei argumentasjonsanalyse er eit overtramp mot velviljeprinsippet. Det har også konsekvensar for korleis studentane les tekstar i resten av sin akademiske karriere, som jo er ein ganske sentral dugleik. Eg trur dette er ein årsak til ein følgjefeil eg må avlære studentane i deira andre semester: Ein tendens til å kritisere tekstar sønder og saman frå ein abstrakt, allvetande ovanfrå og ned-posisjon, utan å ha forstått kva teksten vil og kvar den kjem frå.

Her blir nemleg ikkje argumentasjonsmodellen presentert som ein del av ein teori, men som ei absolutt sanning – «slik fungerer argumentasjon, og slik analyserer de det». Å klargjere at dette berre er ein modell blant mange andre er både det mest reielege og det beste pedagogiske grepet.

John Magnus R. Dahl, Postdoktor, Institutt for informasjons- og medievitskap

Exphil presenterer ein lokalt oppkokt argumentasjonsmodell utan referansar til forskingslitteraturen

Når eg ser på argumentasjonsmodellen som blir presentert i Exphil, kjenner eg den vagt att. Skiljet mellom relevans- og haldbarheitsargument minner om den godt etablerte Toulmin-modellen – berre at der heiter det heimel og belegg. Namneskilnaden gjorde meg usikker. I tillegg er det ingen referanser til Toulmin i Språk og Argumentasjon. Mistanken min om at dette er ein lokalt omarbeidd variant av Toulmin-modellen, har eg fått stadfesta av tidlegare tilsette ved Institutt for filosofi- og førstesemesterstudier.

Dette fråværet av kjelder fører til ei retorisk effekt der denne modellen blir presentert som den autorative, og kanskje einaste, argumentasjonsmodellen som finst. Exphil sin lokale variant er definitivt ikkje autorativ på feltet, og også Toulmin-modellen er omstridt sjølv om den er populær.

Dette blir igjen eit pedagogisk problem for oss som seinare skal undervise studentar i argumentasjon – og eit pedagogisk problem for alle som vil at studentane skal jobbe med teori i akademia. Her blir nemleg ikkje argumentasjonsmodellen presentert som ein del av ein teori, men som ei absolutt sanning – «slik fungerer argumentasjon, og slik analyserer de det». Å klargjere at dette berre er ein modell blant mange andre er både det mest reielege og det beste pedagogiske grepet. Heile filosofi-delen av exphil er jo fundert på å vise fram ulike måtar å tenkje om same slag tematikk på, så heilt framand bør ikkje dette vere.

Exphil har gjort seg sjølv unødvendig komplisert – som ikkje er det same som komplekst.

Exphil sin argumentasjonsmodell skil ikkje berre mellom haldbarheits- og relevanseargument, men introduserer også standpunktargument, som altså er argument som direkte støtter standpunktet. Eg trur dette alltid er ein form for haldbarheitsargument, men eg er ikkje sikker til trass for ganske tung argumentasjonsfagleg ballast. I tillegg har nokon – sikkert ein logikar – bestemt seg for at ein ikkje berre skal setje argumentasjonsanalysane sine opp i eit diagram med boksar og piler, men også gje argumenta ein presis notasjon. Det kan sjå slikt ut i lærebøkene:

C1(r)P2(h)P1S1.

Det tyder på at exphil er eit monster som har vakse fram av for mange faglege og ressursmessige kompromiss, og no lev sitt eige liv.

John Magnus R. Dahl, Postdoktor, Institutt for informasjons- og medievitskap

Om eg legg velviljeprinsippet til grunn forstår eg funksjonen både annotasjonen og nemninga «standpunktargument» har, men eg stiller spørsmål ved kor pedagogisk det er. Eg er også overraska over kor fort ein raser gjennom dette: 4 førelesingar a 1 time der ein skal gå gjennom ikkje berre grunnleggande argumentasjonsanalyse, men skilnaden på deskriptive og normative påstandar, krav til definisjonar, retorikk, ulike slag slutningar og argumentative fallgruver. At studentane skal bruke av denne dyrebare tida og energien på å forstå omgrep og annotasjon ein strengt tatt ikkje treng, er eit pedagogisk feilsteg.

Når alt dette er sagt, vil eg understreke at dette er ein kritikk av systemet exphil slik det har vakse fram, ikkje av fagpersonane bak – korkje undervisarar eller lærebokforfattarar. Eg ser at det er heilt ulike folk som underviser i dag enn kva det var i 2009, men det som blir undervist i, er stort sett det same. Det tyder på at exphil er eit monster som har vakse fram av for mange faglege og ressursmessige kompromiss, og no lev sitt eige liv. Ei løysing Muséplass bør tilby er difor eit langt og godt seminar der vi diskuterer oss fram til ein betre modell, og deretter fleire faste filosof-jobbar på Sydnesplass.

Powered by Labrador CMS