NYHET

– Det har vore flott å vera med på ein så brei dugnad for UiB si satsing på hav, seier marin direktør ved UiB, Amund Måge.

Vil ha førti nye havforskarar i alle disiplinar

UiB vil skapa 37 nye forskingsleiarar på marin berekraft, på tvers av alle fakulteta. Store delar av universitetet deltek i ein EU-søknad som kan prega UiB i mange år framover.

Publisert Sist oppdatert
Marin direktør, Amund Måge

– Det har vore flott å vera med på ein så brei dugnad for UiB si satsing på hav. Eg trur dette kan verta eit løft for den tverrfaglige satsinga på hav og berekraft, seier Amund Måge. Han er marin direktør ved Universitetet i Bergen (UiB).

Alle fakulteta ved UiB har vore aktive i søknaden "Shaping European Research Leaders for Marine Sustainability" eller SEAS forkorta.

Vil gi unge jobb

Prosjektet skal fungera som eit verkty for å rekruttera unge og framifrå forskarar, og ein søkjer om støtte til å finansiera 37 postdoktorar. Dei heldige kandidatane skal ut i fagmiljø ved ulike fakultet på universitetet, samt ha utanlandsopphald som ein del av utdanninga.

UiB har ei lang historie innan marin forsking, noko som i dag viser att i at universitetet vart offisiell FN-partner for berekraftig hav i 2018. Hav-universitetet har også auka mengda tverrfagleg forsking på marin berekraft, til dømes gjennom tilsetjing av ein marin dekan og ein marin direktør. I tillegg er senteret Ocean Sustainability Bergen etablert.

Hav i alle disiplinar

Medan marin forsking tradisjonelt sett har lent seg tungt mot naturvitskapane, er det viktig å integrera perspektiv frå samfunnsfaga, humaniora, psykologi, jus og medisin, står det i søknaden. Det er her dei 37 postdoktorane kjem inn i biletet.

Dei skal veljast ut frå deira nyskapande tilnærming til marine emne, og det skal leggjast vekt på at dei har talent innan leiarskap, tverrfagleg arbeid og samarbeid. Den store visjonen er å skapa den neste generasjonen med "decision makers" som kan hjelpa verda å nå FN sine berekraftsmål.

– Då er ikkje naturvitenskap nok, vi må ha med sosialt og økonomisk berekraftige løysingsmodellar, meiner Måge.

Ein ny generasjon

– SEAS kan gjera at ein ny generasjon med forskarar vert utstyrt med kunnskapen og evnene dei treng for å skapa samspel og samarbeid på tvers av dei vanlege grensene. Det gjeld både faglege, kulturelle, teknologiske og sektormessige grenser, seier den marine direktøren.

Han meiner det er svært gode sjansar for at søknaden får tilslag, anten i år eller neste år.

– Dette kan verta svært viktig for UiB, og vil legga grunnlaget for korleis me vil at den marine forskinga vår skal utvikla seg i åra framover, seier han.

Powered by Labrador CMS