KORTNYTT

Ni forskarar får mobilitetsstipend frå EU

EU-kommisjonen kunngjorde nyleg kven som får Marie Skłodowska-Curie Actions Individual Fellowships, internasjonale mobilitetsstipend, for 2020.

EU støtter 1 630 erfarne forskarar med totalt 328 millionar euro, og ni av stipenda går til Universitetet i Bergen.

Dermed kjem sju forskarar frå utlandet til Bergen for å forske saman med kollegaer ved UiB, medan to UiB-forskarar skal reise ut og forske ved eit universitet i utlandet.

Les meir om tildelinga på UiB.no.