#folkpåUiB

Foto: Torhild Lillian Dahl

Marta Johannesen

Kaféleiar i SV kaffebar

"Eg elskar studentane og eg elskar jobben min! Eg har jobba i SV-kantina sidan 1998, og eg ønskjer alle nye velkomen og spør kven dei er og kva dei heiter. Alle er fantastiske. Det var ei som hadde gjort det slutt med kjærasten som fekk kome inn til meg kvar morgon før eg opna. Ho trengte litt trøyst og ein plass å vere. Når dei finn seg kjærast så finn eg og kollegaen min Tove ut av det mest før dei veit det sjølve. Og når eg ser dei kome med mage så seier eg ‘Gu, skal eg strikke eit teppe til deg?’. Eg har strikka 30 babyteppe til studentane, og to skjerf også. Skjerfa var til to gutar som budde på så dårlege hyblar og dei fraus, stakkarane. Veit du, det var ein frå Ålesund som plutseleg reiste utan å seie hadet til meg! Han kom tilbake og fekk ein bamseklem. Mariken, Sebastian, Astrid, - å det er så mange kjekke! Eg får følgje dei frå dei begynner til dei sluttar, og når dei sluttar sender dei meg postkort. Eg har ein diger pose full."

FAKTA

I denne serien løfter vi frem en UiB-ansatt eller student som deler sine små og store historier. Følg gjerne vår Instagram-konto unibergen for flere UiB-historier.

Powered by Labrador CMS