YTRING
Universitetet i Bergen forvaltar IT-faga på ein slett måte
– Korleis skal vi kunne konkurrere om forskingsmidlar og forskartalent innan eit fagområde som vert satsa hardt på over alt i verda med så knappe interne ressursar? Skriv Bjørnar Tessem om den økonomiske situasjonen ved Det samfunnsvitskaplege faktultet og Institutt for informasjons- og medievitskap.
! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.
Universiteta og høgskulane i Noreg har fått store kutt i løyvingane og kjem truleg til å få endå større kutt i framtida. Dette har store konsekvensar, blant anna på mitt eige fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen (SV-fakultetet), der vi no har fått stillingsstopp i fleire år framover. Uheldig økonomistyring over tid har leidd til enorme underskot som no vert handtert med hardhendte nedskjeringar.
Slike tiltak må kanskje til for å rette opp økonomien lokalt hos SV-fakultetet, men ein bør jo på universitetsnivå faktisk sjå på korleis ein forvaltar fagområda som samfunnet vil vi skal drive med. I dag er det spesielt viktig for UiB å finne nye løysingar for korleis ein handterer forsking og utdanning innan IT inkludert kunstig intelligens.
Mitt eige fagområde, informasjonsvitskap, handlar om bruk av IT på ulike nivå. Viktig for oss har i mange år vore aktivitetar innan kunstig intelligens og maskinlæring. Vår relevans for samfunnsutviklinga har berre auka dei siste åra. Vi har både teoretisk orienterte forskarar og anvendt orienterte forskarar. Mange er på høgt internasjonalt nivå og er svært attraktive for andre universitet i Noreg og internasjonalt.
UiB har eit nasjonalt ansvar for å forvalte samfunnsviktig IT-utdanning og -forsking, men står altså no i fare for at det hittil mest produktive kunstig intelligens-miljøet ved universitetet vert kraftig svekka på ressursar
Bjørnar Tessem
Vi er ekstremt attraktive på utdanningssida. Instituttet som heilskap (informasjons- og medievitskap) hadde 1430 førstegangssøkarar i april, like mange som resten av SV-fakultetet, like mange som Mat-nat.-fakultetet og eit par hundre meir enn Humanistisk fakultet. Over halvparten av desse har søkt ulike informasjonsvitskap-program hos oss, resten har søkt på dei mediefaglege programma. Gjennomføring og opptakstal er i toppsjiktet, og denne våren uteksaminerte vi dei første bachelor-kandidatane i kunstig intelligens i Noreg. Vi har altså vore tidleg ute og svart på eit viktig samfunnsbehov, og vi står for langt over halvparten av studiepoenga i IT-fag ved UiB.
Ressursane som kjem til desse programma våre er knappe, og eg er ikkje redd for å påstå at vi produserer dei billegaste IT-studiepoenga på universitetsnivå i Noreg med våre 15 fast tilsette i førstestilling. Å få undervisningskabalen til å gå opp med så store studenttal og så få tilsette er på veg til å bli ei umogleg utfordring.
Utover dette har vi fått klare instruksar om at vi må skjere kraftig ned på studentassistanse i kursa våre. Signala er faktisk at helst bør vi ikkje ha assistentar i det heile. Studentane skal overlatast til å lære seg teknologipraksisar som programmering, og databasar sjølve. Nokre talent fiksar kanskje dette med å bruke nettsider og YouTube-videoar, men det er nok slik at dei fleste må ha rettleiing for å komme i gang med dette. Tenk om det var slik at vi gav tømrarelevar ei verktøykasse og berre sa til dei: «Her er verktøy, bygg eit hus. Om noko er vanskeleg, finn ein YouTube-video».
Ressursproblema på SV-fakultetet har gjort at vi måtte sei nei til EU-finansierte stillingar innan kunstig intelligens. Tenk kva konsekvensar slike ressurskutt har når vi no skal søke om prosjekt innan den berømte KI-milliarden eller nye EU-prosjekt. Korleis skal vi kunne konkurrere om forskingsmidlar og forskartalent innan eit fagområde som vert satsa hardt på over alt i verda med så knappe interne ressursar?
Fagmiljøet vårt er lite robust i møte med nedskjeringar. SV-fakultetet har andre fagmiljø som krev sin plass og dei fleste på fakultetets andre institutt ser nok helst på informasjonsvitskap som eit sidespor enn som eit fagmiljø som høyrer heime i fakultetet. Det er kjekt med dei store studenttala våre for å kunne ha rikeleg med midlar til fakultetet, men det er mindre kjekt at studentane våre krev oppfølging. I den aktuelle krisa vil ikkje SV-organisasjonen sjå på andre løysingar enn brutale kutt over heile linja, og no er informasjonsvitskap under eit sterkt press.
UiB har eit nasjonalt ansvar for å forvalte samfunnsviktig IT-utdanning og -forsking, men står altså no i fare for at det hittil mest produktive kunstig intelligens-miljøet ved universitetet vert kraftig svekka på ressursar. Dei attraktive folka flyttar fort til andre miljø som tilbyr betre vilkår. Kanskje må vi legge ned studium som bachelor-programmet i kunstig intelligens. Å opprette eit masterprogram i kunstig intelligens kan ein berre gløyme.
Å sørge for ei betre samordning av IT-utdanningane ved UiB har vore fremja mange gonger, med gode argument for å samle miljøa frå informatikk og informasjonsvitskap, kanskje òg andre fagmiljø ved UiB. Men SV-fakultetet har meint at dei har eigarskap til informasjonsvitskap og at dei har rett til å gjere med dette faget som dei vil, utan å ta omsyn til oppfatninga blant informasjonsvitarane. Det er for mykje pengar i dette til å sleppe oss laus.
Korleis ser dette ut for resten av samfunnet? Veldig få utanfor UiB syns at den modellen for forvaltning av IT-faget som vi har ved UiB er drivande god, heller tvert om. I fleire NFR-evalueringar av IT-forsking har komiteane peikt på kor uheldig organiseringa ved UiB er. «Pussig» er ein velmeinande term for korleis IT-bransjen ser på dette. Slik har det vore i fleire tiår. Det ser nok ikkje betre ut om UiB ikkje kan levere kvalitet og kvantitet på utdanning innan IT og kunstig intelligens.
I gode tider kan det gå rimeleg bra for informasjonsvitskap med dagens modell, men i tronge tider er vi meir sårbare enn dei andre fagmiljøa ved SV-fakultetet. Ei feig universitetsleiing har tidlegare ikkje orka å ta strevet med å få til ei meir optimal organisering av IT-fag. Konsekvensen kan no vere at utdanning og forsking innan informasjonsvitskap bryt saman.
Om UiB faktisk meiner noko med å prioritere forsking og utdanning innan informasjonsteknologi og kunstig intelligens, må ein ta fatt i dette. Korleis kan IT-utdanning og -forsking organiserast meir rasjonelt og robust mot framtidige politiske og økonomiske vindar? Vi informasjonsvitarar har ein del svar, samla organisering av fagmiljøa er eitt av dei. Så spørs det om UiB er i stand til handle.