NYHET

Professor Bjørn Enge Bertelsen er ny faglig leiar for Holbergprisen.

Ny fagleg leiar av Holbergprisen

– Eg vil bidra til å gjere prisen meir relevant og kjend globalt, seier Bjørn Enge Bertelsen. Professoren i sosialantropologi tek no over den faglege leiinga av Holbergprisen.

Publisert Sist oppdatert

HOLBERPRISEN

  • Ein årleg internasjonal forskingspris for framragande vitskapleg arbeid innan fagområda humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi.
  • Prisutdeling i juni kvart år, ved Universitetet i Bergen

BJØRN ENGE BERTELSEN

Bjørn Enge Bertelsen tek over som fagleg leiar for Holbergprisen sitt sekretariat frå første januar 2022, etter Ellen Mortensen. Bertelsen skal leie det faglege arbeidet med alle arrangement og aktivitetar knytt til sjølve Holbergprisen, og til dei to sideinitiativa Nils Klim- prisen og Holbergprisen i skulen.

– Det er ei stor ære å bli spurd om å leie ein av dei viktigaste prisane i verda innan humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Prisen er stadig viktigare i ei tid med auka press mot fri forsking og med instrumentalisering av kunnskap. Eg ønskjer å vidareføre det flotte arbeidet som er gjort både av sekretariatet og av styret i Mortensen si tid som leiar, og eg vil bidra til å gjere prisen enda meir kjend og relevant globalt, seier Bertelsen.

Internasjonalt orientert

Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, er svært nøgd med valet av Bertelsen. Ho framhevar det internasjonale nettverket hans som særs viktig for prisen.

– Bertelsen er ein breitt orientert og internasjonal forskar. Han vil bidra til vere med på å gi god merksemd til Holbergprisen også utanfor Noreg. Med sin bakgrunn som professor i sosialantropologi, har han den djupe faglege ståstaden som skal til for å ta Holbergprisen inn i framtida.

Styreleiar Kjersti Fløttum i Holbergstyret er svært nøgd med valet av Bertelsen som ny fagleg leiar.

Holbergprisen deles ut i juni kvart år.

– No gler vi oss til å ta mot Bertelsen som ny fagleg leiar. Som professor i sosialantropologi har han høg kompetanse innan prisen sitt fagfelt, og som tidlegare leiar av mellom anna forskingsprogrammet GRIP har han solid leiarerfaring. Han er breitt internasjonalt orientert, og har eit stort nettverk av faglege kontaktar i mange land, seier ho.

Takkar Mortensen for innsatsen

Styreleiaren ønskjer også å takke Ellen Mortensen for hennar solide innsats for Holbergprisen dei siste seks åra.

– I Ellen Mortensen har Holbergprisen hatt ein særleg engasjert og kompetent fagleg leiar. Ho har på utmerka vis arbeida med å auke anerkjenninga av Holbergprisen sin samla portefølje, og til merksemd om prisen nasjonalt og internasjonalt.

Powered by Labrador CMS