#folkpåUiB

Lars Nyre

Professor i mediedesign, journalistikk og teknologi

"Det er nysgjerrigheit og kunnskap som driv meg, og at eg har dette som min permanente jobb er aldeles herleg. Eg føler oppriktig at eg har gått på skulen sidan eg begynte og har aldri slutta – no får eg berre litt betre løn og folk som høyrer etter. Eg er hundre prosent ein Big Bang Theory-type og håplaust fortapt som nerd. Det har eg ingen planar om å slutte med. Det er særleg kjekt å kaste studentane ut i det – noko som er tanken bak innovasjonspedagogikk. Dei skal få kjenne på den typen stress og usikkerheit som arbeidslivet i mediebransjen byr på. No når DIKU løyver 5 millionar til innovasjonspedagogikk for medieutdanningar ved MCB, har eg rekna ut at minst to tredjedelar av budsjettet går til nye, unge folk. Altså vil mange studentar få løn og pengar til eigne prosjekt og reisemidlar til å delta på konferansar saman. Vi har ikkje hatt dette før, så det blir veldig spennande."

FAKTA

I denne serien løfter vi frem en UiB-ansatt eller student som deler sine små og store historier. Følg gjerne vår Instagram-konto unibergen for flere UiB-historier.

Powered by Labrador CMS