YTRING

Ytring: Ein naudsynt omorganiseringsprosess som spora av
– Det psykologiske fakultet er i eit alvorleg økonomisk uføre som krev godt gjennomarbeidde og målretta grep som monnar, ikkje brå vedtak som skaper meir uvisse, skriv tilsette ved fakultetet.
! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.
Fakultetsleiinga ved Det psykologiske fakultet hadde nyleg ei gyllen moglegheit for å svare på den økonomiske krisa fakultetet står i med ei større omorganisering. Men prosessen som skulle gje oss «optimal enhetsstruktur» har no enda i eit vedtak som verken svarer på behova for reell innsparing eller etableringa av berekraftige strukturar som gjer det mogleg å levere på dei utdannings- og forskingsoppgåvene fakultetet forvaltar i den situasjonen fakultetet står i.
Eit fakultet i krise
Det psykologiske fakultet står i ei stor økonomisk krise med over 50 millionar i akkumulert underskot på dei frie midlane av budsjettet. Ein har difor vedtatt ein rammeplan for å komme i økonomisk balanse som inneber at ein fram mot 2033 skal redusere staben frå 180 til 131 faste tilsette for så å forsiktig auke opp til 136 faste tilsette i 2035. Dette utgjer nær 25 % reduksjon av staben og skal skje gjennom full stillingsstopp fram til 2028 og deretter forsiktig gjentilsetjing. Den same rammeplanen forutset at ein i denne perioden skal auke studiepoengproduksjonen med 6 %. Tala viser at fakultetet ikkje har vore i balanse på dei frie midlane av budsjettet sidan 2016 (S79/24). Det er difor openbart at fakultetet må ta drastiske strukturelle grep for å komme i ein berekraftig og sunn økonomisk situasjon.
Eit lite tilfredsstillande vedtak
Torsdag 20.03.25 vedtok fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet å slå saman Institutt for klinisk psykologi (IKP) og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP) med mål om verknad frå 01.01.26. Samtidig blir eit tredje institutt, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), sett i ein usikker venteposisjon, då vedtaket seier ein skal utgreie framtidig organisering av HEMIL, men utan retning eller tidshorisont for denne prosessen (S14/25). Vedtaket er gjort med minste moglege fleirtal. Ingen miljø har fått anledning til å uttale seg om den vedtekne einingsstrukturen i den situasjonen fakultetet no står i. Vernetenesta har påpeika at det ikkje er gjennomført tilstrekkelege risikovurderingar. Fakultetsleiinga har heller ikkje lagt fram konkrete estimat for innsparing ved den vedtekne samanslåinga og har i saksframlegget ikkje tatt høgde for at instituttleiarval alt er annonsert for IKP slik at eventuell økonomisk innsparing ikkje skjer før i 2029. Ein har difor hatt svært dårleg beslutningsgrunnlag for vedtaket. Vedtaket er også dårleg forankra i organisasjonen: 3 av 4 representantar for fast vitskapleg tilsette (gruppe A) i styret stemte imot.
Viktige prosessar som ville danna heilt naudsynt informasjonsgrunnlag for avgjersler kring instituttstruktur er ikkje fullført, slik at ein manglar oversikt over økonomien på dei ulike studieprogramma og oversikt over kva programportefølje ein skal ha på fakultetet og ressursramma for dei ulike programma. Samla sett meiner vi difor at fakultetsleiinga no legg opp til å gjennomføre endringar som har svært usikre gevinstar. At dette skjer i ein situasjon der tilsette alt er svært pressa på grunn av stillingsstopp og nedbemanning, aukar vår uro for konsekvensane av den vedtekne samanslåinga. Men aller mest uroa er vi fordi samanslåinga av IKP og IBMP er ikkje eit tilstrekkeleg svar på den svært prekære økonomiske situasjonen fakultetet står i.
Så korleis enda ein her?
Ein lovande omstillingsprosess som spora av
Omstillingsprosessen starta bra. Då fakultetet i 2023 fastsette ein ny strategiplan, var eitt av hovudmåla å sjå på korleis instituttstrukturen kunne betrast – «ut ifra kriterier som faglig utvikling og tilhørighet, fysiske rammer, egnet infrastruktur og laboratoriefasiliteter for utstyrskrevende forskningsmiljøer, samt kostnadseffektiv og bærekraftig drift». Ein breitt samansett komité fekk mandat til å utgreie fleire alternative modellar, og våren 2024 la dei fram ein solid rapport med modellar for einingsstruktur som var godt forankra i fagmiljøa. Komiteen anbefalte einstemmig ei fagleg forankra toinstituttløysing (S20/24). Komiteen sin rapport vart sendt til høyring med eit breitt formulert høyringsbrev som bad alle høyringsinstansar kommentere den anbefalte modellen, samt dei andre modellane – eventuelt andre modellar som ikkje var utgreia av komiteen. Det kom fram nyanserte, om enn sprikande synspunkt. Alt tyda på at ein ville kunne finne ei løysing som svarte på kriteria i den nemnte strategiplanen.
Uforståelege snuoperasjonar
Frå hausten 2024 endra prosessen derimot karakter. I staden for å føre vidare komiteen si anbefaling eller ein av dei andre modellane for einingsstruktur i rapporten, presenterte fakultetsleiinga ein heilt ny modell der IKP, IBMP og HEMIL blir slått saman til eitt institutt, medan dei to sentrumsinstitutta (ISP og IPED) forblir eigne institutt. Dette er ei instituttløysing som vart forkasta av den opphavelege komiteen og derfor ikkje er omtalt i deira rapport. Leiinga si hovudgrunngjeving for forslaget var at dei valde å legge vesentleg vekt på økonomi og areal. Namnet på prosessen var også endra frå «optimal enhetsstruktur» til «tjenelig instituttstruktur». Modellen vart sendt på høyring. Høyringssvara var igjen sprikande, men fleire av dei ser den som eit dårleg alternativ. Heilt uventa fremmar fakultetsleiinga basert på denne lange prosessen verken einingsstrukturen som nettopp hadde vore på høyring og som fakultetsleiinga anbefalte, eller einingsstrukturen som komiteen einstemmig anbefalte. I staden går fakultetsleiinga inn for modell 1 frå komiteens opphavelege rapport (samanslåing av IKP og IBMP), men utan å adressere svakheitene komiteen påpeika kring denne modellen. Fakultetsleiinga har heller ikkje utgreia modellen i lys av situasjonen fakultetet no står i eller adressert atterhalda IBMP har påpeika i sine høyringssvar. Argumentasjonen om økonomisk gevinst og areal var tona ned (S14/25). Ingenting var lenger «optimalt» eller «tenleg» – no snakka fakultetsleiinga berre om «framtidig enhetsstruktur».
Det som starta som ein lovande omstillingsprosess har enda i ein prosess det nærast er umogleg å følgje fordi høyringsgrunnlaget har endra seg mellom kvar runde, og ein ikkje skjønnar ut frå høyringssvara kvifor fakultetsleiinga fremmar dei forslaga dei gjer. Høyringsinstansane har heller ikkje fått sjansen til å uttale seg om den siste løysinga i lys av dagens situasjon, og i staden for å lande prosessen hiv ein eit tredje institutt (HEMIL) ut i uvisse. Frå å vere ein prosess som tydeleg kunne adressere situasjonen fakultetet står i, har ein enda med ei løysing som har stor usikkerheit, marginal innsparing og potensielt stor HMS-kostnad for tilsette, og som vart vedtatt med minste moglege fleirtal. Det at det skjer på oppløpssida til dekanat og fakultetsstyre, slik at implementeringa av vedtaket blir overlatt til etterfølgjarane som skal ta over roret frå 1. august, styrkar uroa vår.
Eit rop om betre styring
Det psykologiske fakultet er i eit alvorleg økonomisk uføre som krev godt gjennomarbeidde og målretta grep som monnar, ikkje brå vedtak som skaper meir uvisse. Vi undrar oss difor over kvifor modellen som einstemmig vart anbefalt av komiteen og som ville adressert mange av utfordringane fakultetet står i, aldri har vore vurdert av fakultetsleiinga som tenleg. Samanslåinga av IKP og IBMP er ei dyr og lite gjennomtenkt løysing med for liten effekt – i staden for den heilskaplege strategien fakultetet så sårt treng.
Signe
H. Stige, Fakultetsstyremedlem for gruppe A som tok dissens i saka
Janne
Grønli, komitémedlem frå IBMP
Bente
Storm Haugland, komitémedlem frå IKP
Reidar
Jakobsen, Instituttleiar IKP
Endre
Visted, Klinikkleiar Psykologisk universitetspoliklinikk