I VINDEN

Professor Gro Mjeldheim Sandal, prodekan for forsking ved Det psykologiske fakultet.

- Viktig med møtepunkt mellom akademia og samfunnet

Professor Gro Mjeldheim Sandal meiner møtepunkt som årets migrasjonskonferanse er viktig for å sikre at forsking er relevant for samfunnet utanfor akademia.

Publisert Sist oppdatert

I VINDEN DENNE VEKA

Namn: Gro Mjeldheim Sandal. Professor og prodekan for forsking ved Det psykologiske fakultet.

Aktuell med: Migrasjonskonferansen «Helse og arbeid i det nye landet», som vart arrangert i Bergen 24.-25. september. Konferansen var eit samarbeid mellom, Det medisinske fakultet, Det psykologiske fakultet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet

Korleis var årets migrasjonskonferanse?

Det var mykje jobb og utfordrande planlegging, spesielt etter koronautbrotet. Men vi fekk gjennomført på ein god måte, både digitalt og fysisk; ikkje minst takk vere iherdig innsats frå professorkollega Esperanza Diaz ved Det medisinske fakultet.

Konferansen er noko av det kjekkaste eg har vore med på i fagleg samanheng etter at koronaen traff oss. Det gjorde sterkt inntrykk å sjå engasjementet og kor glade deltakarane var for å samlast fysisk att, sjølv med god avstand mellom deltakarane.

Kva er det viktigaste du tek med deg frå konferansen?

Det var eit inspirerande møtepunkt mellom representantar frå akademia, kommune, arbeidsliv og ideelle organisasjonar, som alle jobbar med migrasjonsspørsmål. Frå UiB fekk vi formidla vår forsking, og samstundes lytta til erfaringar frå andre aktørar i feltet. Denne forma for dialog er viktig for å sikre at forskinga vår er relevant for samfunnet utanfor akademia.

Eit poeng for meg er å løfte det flotte arbeidet frivillige organisasjonar gjer innan migrasjonsfeltet, sjølv med lite offentleg støtte. Desse er også viktige samarbeidspartnarar for forskarar, då dei har tett kontakt med migrantar og løfter opp viktige problemstillingar som ein treng å forske meir på. Eg vil framheve at det frivillige arbeidet ikkje må bli ei «hovudpute» for det offentlege, men at vi må bygge ut offentlege helsetenester som tek vare på flyktningar, slik at dei får ei verdig og god mottaking og oppfølging.

Du leiar også Forskingsgruppa for kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv, ved Det psykologiske fakultet. Kva jobbar de med her?

Eit viktig tema er at psykiske helsetenester i større grad må bli tilpassa folk frå andre stader av verda, der synet på psykisk helse kan vere heilt annleis enn det som er vanleg i Noreg. I tillegg har mange flyktningar traumer etter grusomme hendingar, så det å skaffe kunnskap om kva mentale helsetenester som er viktig for ulike grupper, er noko vi jobbar mykje med.

Vi har elles mange prosjekt og forsking på inkludering i arbeidslivet. Det er høg terskel for å nå opp i tilsettingsprosessar for mange innvandrarar og mange er utsette for ulike former for utstøyting, så her har vi som samfunn ei stor oppgåve framføre oss.

Kva utvikling er du spesielt glad for innan dette feltet akkurat no?

Det vert stilt krav til kulturelle perspektiv innan helseutdanningane. I tillegg har diskrimineringslova blitt løfta tydelegare fram den siste tida, utan at eg meiner det som vert gjort er tilstrekkeleg. Ved UiB synest eg det er spesielt gledeleg at migrasjon er eit satsingsområde under globale samfunnsområder, og her har vi mykje spanande som skjer ved alle fakulteta.

Kva utfordringar vil du trekke fram?

Vi må få bukt med diskriminering i arbeidslivet. Vi har allereie forska mykje på dette, og her trengst det meir forsking. Det er eit visst fokus på at innvandrarar og andre med «utanlandske namn» i for liten grad vert kalla inn til jobbintervju, men lite fokus på hva som skjer når dei først har fått eit intervju. Det er til dømes vanskeleg å ettergå enkelte vanlege «mjuke» kriterieum, som at «personlege eigenskapar» blir vektlagt. Dette er kriterium som er vanskeleg å måle på objektiv måte, og gjer at fordomar og forutinntatte haldningar kan få fritt spelerom.

Kan du seie noko om det internasjonale samarbeidet i forskingsgruppa?

Vi har studentar, stipendiatar og forskarar frå åtte nasjonalitetar. Nokre vil seie at det er ein klisjé at mangfald løner seg, men forskingsgruppa mi er eit godt eksempel på det. Utan dette mangfaldet, ville det vore umogleg å utføre forskinga vi gjer. Vi treng «ulike typar brilleglas» for å forstå korleis menneske frå ulike kulturar tenker. Innan psykologisk forskning kan det til dømes handle om korleis ein stiller spørsmål og ikkje minst korleis ein skal forstå resultata.

Kan du puste ut litt no etter konferansen, eller har du mykje på gang også i tida framover?

Ein kan aldri puste ut veldig lenge, og som prodekan har eg mange oppgåver som ventar. Dei siste vekene har vore hektiske, men no som konferansen er over, får eg nok også litt meir tid til å skrive og å jobbe tettare med forskingsgruppa.

Vi går til dømes snart i gang med eit prosjekt i Hellas. Dette skal evaluere eit program der flyktningar gir psykisk helsehjelp til andre flyktningar. Ressursperspektivet er viktig i forskninga vår; flyktningar er ikkje berre menneske som ofte treng hjelp, men mange kjem med ressursar som kan kome til nytte for samfunnet. Kanskje er dette eit program som kan bli brukt her heime også.

FEM KJAPPE:

Rektor for ein dag. Kva for ei sak tek du først tak i?

Eg ville tenkt kreativt på kva eg kan gjere for å stimulere og belønne tilsette som har gjort ein ekstraordinær innsats for å halde drifta oppe under korona. Eg er særs imponert over korleis vi til dømes fekk digital undervisning «over natta». Men no synest mange det er tøft å møte ein haust med mykje uforutsigbarheit, og inntrykket mitt er at det er ein del slitne tilsette.

Deretter ville eg ha sett i gang eit karriereutviklingsprogram for stipendiatar med innvandrarbakgrunn, då vi veit at terskelen for mange av desse er høg når dei skal ut og søke etter jobb. At ein god del av desse får jobbar dei er overkvalifiserte for, er ei viktig problemstilling som også universitetet bør engasjere seg i.

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB?

Då stikk eg til hytta på Mjølfjellet. Kan eg ta nokre dagar hyttekontor, så gjer eg gjerne det. Men før eg dreg, vil eg bruke tid med mitt nydelege barnebarn, Abel, som er 10 månadar gamal no.

Kva bok vil du råde fleire UiB-folk til å lese?

Eg er glad i skjønnlitteratur med meining. Eg vart veldig gripen av bøkene til den dansk-kurdiske forfattaren Sara Omar; «Dødevaskeren» og «Skyggedanseren». Dei gir eit sterkt vitnesbyrd om kor sårbare og traumatiserte mange kvinnelege flyktingar er, også på grunn av opplevinger av vald, overgrep og undertrykking, berre fordi dei er kvinner. Dette er bøker ein kan lære noko viktig av.

Du får ein tidsmaskin. Til kva for ei tid reiser du, og kvifor?

Eg tek gjerne to stopp om det går an; og første tur går tilbake til 70-talet. Eg var for ung til å verkeleg oppleve denne brytingstida, og fekk heller høgrevinden på 80-talet. Så første stopp blir til 70-talet, med ungdomsrevolusjon og flower power; og den musikalske og politiske revolusjonen.

Deretter ville eg reist 40 år framover i tid, for å sjå om framtida verkeleg er så dyster som ein kan frykte. Vert det større forskjellar og meir fattigdom - og kva med klimakrisa?

Kva for stad i Bergen viser du først til ein som er ny i byen?

Eg reknar med at dei greier å navigere til Bryggen, Fløyen og Ulriken sjølve. Så då vil eg ta dei med gjennom brusteinlagde «smitt og smau» rundt Sydneskleiven, på vegen ville vi passert Johanneskirken og tatt turen bort på Dragefjellet. Her ville eg også ha fortalt litt av den fascinerande historia om dette området.

Kvar veke intervjuar På Høyden ein aktuell tilsett eller student i spalta “I vinden”. Tips oss om UiB-folk som er i vinden på interndesk@uib.no

Powered by Labrador CMS