I VINDEN

Fagleg leiar for Middelakderklynga, Åslaug Ommundsen, kan denne veka ønske velkomen til Mellomalderveka 2020

– Pandemi i mellomalderen var noko heilt anna

Åslaug Ommundsen håpar at folk strøymer til årets mellomalderveke – der moderne smittevern er på plass.

Publisert Sist oppdatert

I VINDEN DENNE VEKA

Namn: Åslaug Ommundsen, fagleg leiar for Mellomalderklynga.

Aktuell med: Mellomalderveka i Bergen, 18.–25. oktober som vert arrangert for fjerde gong med 17 ulike arrangement som byvandringar, foredrag og museumsdagar.

Korleis har du det om dagen?

Det har vore bra travelt no i oppkøyringa og mykje å halde styr på. Vi er veldig spente på om det kjem mange folk eller om dei er bekymra for korona. Besøkstala har stige jamt dei siste åra, med rekord på 600 deltakarar i fjor.

Så korona set sitt preg på Mellomalderveka og?

Ja, det er klart, sjølv om alle arrangementa skjer fysisk og berre nokre blir strøymde. Smittevern blir viktig, og så kjem me ikkje utanom tematikken. Vi føler kanskje at vi er hardt ramma no, men pandemi i mellomalderen var verkeleg noko heilt anna, utan moderne helsevesen og myndigheiter som tok kontroll. Dette blir tema i ein eigen debatt - «Det kom eit skip til Bjørgvin», tysdag 20. oktober.

Kvifor arrangerer de ei eiga mellomalderveke?

Det er ein veldig god måte å få fokus på mellomalderen på. Vi får og vist fram kor mange aktørar i regionen som både kan mykje om den tida og er gode til å formidle. For oss på UiB er det bra å bli minna på at forskinga må ut til folk og at det er stor interesse for det vi driv med.

Men kvifor må vi vite meir om mellomalderen?

Utan kjennskap til fortida, er det krevjande å forstå si eiga tid. Mellomalderen er den verkeleg store epoken i historia vår, med store omveltingar. Ta berre skriftkulturen. Vi kunne jo skrive, for runene dugde jo heilt fint, men med det latinske alfabetet blei alt annleis. For ikkje å gløyme religion. Kvifor måtte åsatrua vike for Kvitekrist? Svaret ligg i mellomalderen.

Kva gler du deg mest til denne veka?

Sjølv skal eg få med meg mest mogleg, men vil kanskje trekke fram den offisielle lanseringa av Bergen Anno 1320, ei digital tidsreise der du kan oppleve byen vår for 700 år sidan. Dette er ein del av markeringa av jubileumsåret for Bergen 950 år, for å markere tida som verkeleg gjorde Bergen til by.

FEM KJAPPE:

Rektor for ein dag? Kva for ei sak tek du først tak i?

Eit forferdeleg spørsmål! Eg innser at eg aldri kjem til å stille til rektorval, for dette er for vanskeleg. Men ein er jo seg sjølv nærast, så eg ville nok ha styrka humaniora og understreka kor viktig samfunnsbidraget vårt er. Samstundes ville eg lagt endå betre til rette for tverrfagleg samarbeid, som er ynskjeleg og gjevande, men krevjande.

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB?

Vi har nettopp fått hus med hage, og har hatt veldig fine dagar i år. På fritida finn du meg altså i hagen med spade eller greip i handa.

Kva for bok vil du råde fleire UiB-folk til å lese?

Eg les stort sett enten fagbøker eller krim, som ikkje er så relevant her, kanskje. Ei bok eg nyleg las for ungane,gjorde inntrykk. Den heiter Malala’s magic pencil og handlar om Malala Yousafzai sin oppvekst og korleis ho fann si stemme og brukte den til å kjempe for at også jenter skal ha rett til utdanning. Det var ei påminning om både kor viktig utdanning er, og kor privilegerte vi er som kan sende både jenter og gutar på skule og universitet.

Du får ein tidsmaskin? Til kva for ei tid reiser du, og kvifor?

Det var eit herleg spørsmål. Eg ville reist rett til Bergen i 1320 – med mobil og internett med meg, så klart – slik at eg kunne sjekke kor nær røyndomen vi har komme med visualiseringa vår på nett! Kva for stad i Bergen viser du først til ein som er ny i byen? Det må bli hit vi står akkurat no; Kristkirketomta på Holmen, som folk i dag kjenner som Bergenhus festning. Her var det domkyrkje, bispegard, dominikanarkloster, apostelkyrkje og ei rekkje andre, flotte bygningar. Det er nesten ikkje til å tru i dag. Eg måtte nok ha vore med for å forklare, eller sørga for at vedkommande fekk med seg synfaringa vi seinare i veka skal leggje ut på Bergen Anno 1320. Herifrå ser vi også bort på Håkonshallen og kongsgarden, som blei lagt ut i mai.

Kvar veke intervjuar På Høyden ein aktuell tilsett eller student i spalta “I vinden”. Tips oss om UiB-folk som er i vinden på interndesk@uib.no.

MEIR OM MELLOMALDERKLYNGA

Klynga er eit samarbeid mellom:

  • Vestland fylkeskommune
  • Bergen kommune
  • Bymuseet i Bergen
  • Riksantikvaren
  • Museum Vest
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Norsk institutt for kulturminneforskning
  • Hardanger og Voss museum
  • Universitetet i Bergen

uib.no/middeladerklynge

Powered by Labrador CMS