I VINDEN
Vil integrere kunst og kultur i medisin
Pianist, forskar og overlege Geir Olve Skeie er ekspert på demens og musikkterapi. Forskinga hans viser at hjernen faktisk blir yngre ved aktiv bruk av musikk.
Du er aktuell som ekspert i NRK-serien «Demenskoret». Er du overraska over at musikkterapi med menneske med demenslidelse har blitt ein så stor sjåarsuksess?
Ja, at det har tatt sånn av og blitt så populært er litt overraskande, men det er veldig rørande og godt laga. Programskaparane gjer demenssjukdommen eit andlet. Eg trur det hjelper folk til å normalisere forholdet til demens - at ein kan gjere ting og ha det kjekt sjølv om ein har ein alvorlig sjukdom.
Korleis forskar du og teamet ditt på demens og musikkterapi?
Eg er no involvert i to prosjekt. I det eine, ALMUTH, ser vi på demens og song. Dette er pasientar i ein tidlig fase av demens, det er ofte då du må gå inn om du skal ha håp om å gjere noko. Desse syng i kor eller får fysisk trening, og vi testar verknaden dette har på hjernevolum. Prosjektet blir leia av professor Stephan Kölsch ved IBMP; UiB, som også bidreg i TV-serien om demenskoret. Eg er også med i eit prosjekt med førsteamanuensis Kjetil Vikene, der menneske med Parkinsons sjukdom lærer å spele tromme. Vi undersøker i det prosjektet om tromming gjer pasientane betre koordinasjon i armar og bein samt nevropsykologiske testar og MRI. Tidlegare har vi vist at å lære folk med lettere traumatisk hjerneskade å spele piano kan betre kognitiv rehabilitering. Vi har forska på musikkterapi/bruk av song ved Parkinsons sjukdom sidan 2012. Funna vi gjorde då har stått seg - det er andre forskingsprosjekt som har bekrefta det at song kan betre stemme og mimikk.
I NRK-serien fortel du og forskarkollega Stefan Kölsch om det som kan være sensasjonelle funn i forskningsprosjektet ALMUTH. Kva er det de har funne ut?
Dette er jo foreløpige funn! Det som er mest spennande er at det ser ut til at enkelte områder i hjernen fornyar seg når ein aktivt brukar musikk. Hjernen forandrar seg gjennom livet, og det har tidlegare blitt vist at særskilt amatørmusikarar har ein yngre hjerne enn gjennomsnittet. I ALMUTH-prosjektet ser vi litt dei samme foryngrelsesprosessane, hjernen til deltakarane er yngre etter eit år, enn når dei gjekk inn i prosjektet. I tillegg såg vi i ei kontrollgruppe også endring i hjernevolum på dei som dreiv med trening, så det er fleire vegar til ein yngre hjerne. Så langt ser vi at nokre av deltakarane har ein hjerne som ser friskare ut på MR-bilder enn ved starten av prosjektet. Alle deltakarane har enda ikkje vore testa, og alle er ikkje ferdige, så dette må taklast med varsemd, men resultata er såpass lovande at Stephan Kölsch har turt å gå ut med dei.
Om du skulle oppsummere; kva er det som er dei helande faktorane ved musikk?
Med musikk aktiviserer du heile hjernen. Du aktiviserer følelsar og minner. Felleskap er også ein helande faktor. Ein nøkkel er at du aktiviserer belønningssystemet i hjernen og det kan indusere nevroplastisitet. Hjernen endrar seg ved belønning. Det du synes er lystbetont reparerer hjernen i større grad. Om aktiviteten ikkje er lystbetont, får du ikkje så god effekt.
Om musikk kan betre hjernefunksjon ved demens, er det sånn at musikk kan hjelpe friske menneske også til betre hjernefunksjon?
Ja! I pianostudien der deltakarane hadde lettare traumatisk hodeskade, hadde vi to kontrollstudier med friske deltakarar. Dei friske fekk også betre utfall på verbale hukommelsestestar. Generelt sett gjer folk som har fått musikkopplæring det betre på skulen. Musikk gjer deg ein del fordeler seinare i livet.
Det er studier som viser at ved auka bruk av musikk, kan ein redusere bruk av medisin som sovemedisin og beroligande.
Geir Olve Skeie
Om du skal spå framtida, trur du musikkterapi vil være eit tilbod til alle menneske med demens, like vanleg som medikament er i dag?
Ja, det håper eg, men det er ikkje nok musikkterapeuter til å dekke behovet overalt. Eg trur at ein i framtida kan bruke musikk på ein god måte som kan betre livskvaliteten. Mange sjukeheimer har i dag program for meir systematisk bruk av musikk. Vi ser som sagt at musikk har ein heilt eigen evne til å framkalle minner og stemningar du har vore i før. Det er studier som viser at ved auka bruk av musikk, kan ein redusere bruk av medisin som sovemedisin og beroligande, og eldreomsorg er eit satsingsfelt for musikkterapi.
Fem kjappe:
Rektor for ein dag – kva sak tar du først tak i?
Om eg hadde vore rektor ville eg prøvd å sjå korleis ein kunne integrere kultur og estetiske fag på det medisinske feltet. Eg ville løfta korleis kunst og kultur påverkar helse, og gjer meining.
Kva gjer du når du ikkje er på UiB?
På fritida er eg mykje ute på sjøen. Eg har ei gammal seglskøyte, det er mykje arbeid, mykje pussing, men også kjekt. Når eg ikkje seglar likar eg å vere på fjellet og ellers spelar eg piano.
Kan du anbefale ei bok fleire UiB-folk bør lese?
Det må bli Septologien av Jon Fosse. Den er vel verdt å kjempe seg gjennom. Eg har hytte i Strandebarm og det er veldig fascinerande korleis Fosse skildrar landskapet og folk i Strandebarm skjønnlitterært.
Du får ei tidsmaskin! Til kva tid dreg du og kvifor?
Eg er veldig fascinert av den tida då dei første hulemaleria vart laga. Eg er interessert i kva som skjedde når forfedre våre oppdaga kunst og kultur, og laga dei første musikkinstrumenta. Det er sagt at neandertalarane ikkje hadde tilsvarande kulturuttrykk på trass av at dei var på jorda i fleire hundre tusen år, så kva var det eigentleg som skjedde når nokon ein dag byrja å skape kunst i huler?
Kva stad i Bergen viser du først til ein som er ny i byen?
Det må bli sentrum. Eg likar meg på Bryggen, og der kan ein gå vidare forbi Håkonshallen, til Sandviken og opp i Fjellveien. Ein får Bergensfølelsen av å gå på Bryggen, så eg ville nok starta der.