NYHET

Christieprisen til Eide og Akselberg

Linda Eide og Gunnstein Akselberg får Christieprisen 2021 for det langvarige arbeidet med å formidle godt språk og språklege fenomen i norsk. – Vi har lagt så mykje sjel, hovud og hjarte i språksjovet vårt, så no er vi berre veldig stolte og glade, seier dei.

Publisert

CHRISTIEPRISEN

  • Under den årlege Christiekonferansen deler Universitetet i Bergen ut Christieprisen.
  • Prisen går til ein person eller ei verksemd som har bidratt til god samhandling mellom forsking, utdanning og omverda.
  • Gjennom arbeidet sitt skal dei ha vore med på å fremje universitetet si rolle i samfunnsutviklinga.
  • Prismottakarane kan vere enkeltpersonar, grupper, institusjonar, verksemder eller organisasjonar innan forsking, kultur-, nærings- og samfunnsliv.

VINNARAR

  • 2021 - Linda Eide og Gunnstein Akselberg
  • 2020 - Avlyst pga koronapandemien
  • 2019 - Jan Einar Greve
  • 2018 - Dan Olweus
  • 2017 - Frank Aarebrot
  • 2016 - Litteraturhuset i Bergen
  • 2015 – Christian Rieber, GC Rieber Fondene
  • 2014 – Sjur Holsen, tidligere politisk redaktør i BT, (post mortem)
  • 2013 – Bjerknessenteret for klimaforskning
  • 2012 – Studentersamfunnet i Bergen
  • 2011 – Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke, forleggere
  • 2010 – Marit Warncke, administrerende direktør i Bergen Næringsråd

– Kven skulle tru at alt frå sterke verb til akronym og eponym kunne vere underhaldande? Gunnstein og eg oppdaga saman at det gjekk an å både opplyse og underhalde om språk på same tid. Vi er veldig stolte over at nokon vil verdsetje arbeidet vårt med ein slik gjev pris.

Det seier journalisten, programleiaren og forfattaren Linda Eide. I dag tek ho mot Christieprisen saman med makkeren og språkforskaren Gunnstein Akselberg, som er professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen.

Formidle fag med glede

Christieprisen vert delt ut kvart år til personar som gjennom arbeidet sitt byggjer bru mellom akademia og verda utanfor, og det kan ein trygt seie at dei to har gjort. Først trakk dei fulle hus på Litteraturhuset i Bergen gjennom den populære møteserien «Ut med språket!». No har dei gjennom åtte sesongar med «Eides språksjov» snakka om språk og språkbruk, og ord og uttrykk i beste sendetid på NRK.

–Vi er glade i å snakke om språk, og så viser det seg at dei som ser på også blir glade! Eg trur stikkordet er å formidle fag med glede, seier Akselberg.

Er med på leiken

Eide understrekar at utan fagmannen Gunnstein Akselberg hadde det ikkje blitt noko språksjov.

– Han har det faglege intakt, og han tek det veldig alvorleg. Samtidig så er han med på leiken, og han stolar på vår kompetanse når det gjeld formidling og underhaldning. Han kan kle seg ut som ein av dei tre vise menn, eller ta ein Bernie Sanders- sketsj, og han er lett å be. Han skjøner det første bodet for underhaldning, som er å bli med på ting, seier ho.

– Det er viktig å ha respekt for andre sitt fag, og ikkje prøve å styre eller overstyre kvarandre, seier Akselberg.

Genitiv utan peikefinger

Akselberg vedkjenner at det hender at han kjenner litt på kva kollegaene tenkjer når han står der utkledd som Bernie Sanders, men han let det ikkje stoppe seg.

– Det er alltid ein fare for at kollegaene kan vere kritiske. I ein snever, fagleg samanheng så gir ikkje programmet meg alltid så stort armslag. Samtidig så er det slik at dette ikkje først og fremst er eit program for kollegaer. Vi hadde nok ikkje nådd ut til så mange om vi sat der med peikefingeren heva og sa «no skal vi snakke om genitiv», seier han.

Skummelt med tv

Med si lange erfaring frå radio, tv og scene kjenner Eide på ansvaret for professoren, og ho vil ikkje tøye strikken for langt.

– Eg kjenner ansvar for Gunnstein som ikkje er i shovbiz. Tv er skummelt. Folk lurer på personlegdomen din, om du er gift, og kva du et til frukost. Språk er jo ei kruttønne! Folk kan finne på å banke opp andre berre for at dei brukar garpegenitiv, ler ho.

Akselberg er likevel ikkje redd for å bli banka opp av sinte sjåarar.

– Linda pushar meg, men på ein god måte. Ho er så dyktig, ivrig og kreativ, og ho vågar det meste. For oss akademikarar kan det vere vanskeleg å seie noko innanfor dei veldig snevre rammene som media gir. Likevel, dersom ein har vilje og evne til å ta rammene på alvor, så går det, seier han.

Nominasjonen av Eide og Akselberg

I nominasjonen som låg til grunn for juryen sitt val, står det mellom anna dette:

«Eide og Akselberg har bevist at språk er spennende og interessant nok til at det fortjener et stort publikum. De har vist at folk som har stor lidenskap for språk, kan lage god underholdning som treffer bredt og som går inn i en norsk virkelighet. De har klart å lage noe som nordmenn kan identifisere seg med, i en form vi ikke har sett på TV før.

Eide og Akselberg har en begeistring og entusiasme som smitter. Eide leder programmet i karakteristisk stil, med humor og kløkt, mens Akselberg briljerer i rollen som stødig pedagog.»

Powered by Labrador CMS