KORTNYTT

Camilla Brautaset er ny dekan på HF-fakultetet

Første august overtek Camilla Brautaset roret som dekan ved Det humanistiske fakultet. Med seg på laget har ho førsteamanuensis i filosofi Ole Thomassen Hjortland som prodekan for forsking, og historieprofessor Svein Ivar Angell som visedekan for utdanning.

– Vi representerer både kontinuitet og nytt blod – om vi skal bli betre som fakultetet, treng vi begge delar, seier den påtroppande dekanen, men understrek at dei tek over etter eit dekanat som har gitt dei noko å strekke seg etter, både i stil og i innhald.

Brautaset er professor i økonomisk historie og brukar både tall og tekst i eiga forsking, noko ho håpar vil vere til nytte også i rolla som dekan. Ho er særs nøgd med laget ho skal styre saman med.

Fellesskap og delingskultur

Eit sterkare HF-fellesskap er noko det påtroppande dekanatet ønsker å jobbe for i åra framover.

– Vi må bli gode saman, som fellesskap. Vi vil styrke det faglege samarbeidet, arbeide for eit tett samarbeid mellom administrativ og fagleg stab, og vi vil styrke samspelet mellom tilsette og studentar, seier Brautaset.

Den nye faglege leiinga har tillitsbasert leiing som leiarskapsideal.

– Vi håpar å skape tillit gjennom transparente prosessar som er forankra i fagmiljøa, og gjennom ein leiarstil som kombinerer det å lytte med å leie. Trivsel på arbeids- og studiestaden står høgt på prioriteringslista vår!

Les mer om det nye dekanatet på HF-fakultetet.

Powered by Labrador CMS