NYHET

Bysyklane er plassert ved 101 stasjonar i Bergen, her ved Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum.

Deler ut 250 årsabonnement på bysyklar til tilsette

– Vi håper at folk vil sykle heller enn å ta bilen når dei skal fram og tilbake mellom ulike UiB-bygg og delar av campus, seier Emil Hausvik ved Faggruppe for HMS, Beredskap og Berekraft ved UiB.

Publisert Sist oppdatert

KLIMAFONDET

UiB har i ei årrekke arbeida målretta med forsking og utdanning for berekraft generelt og 2030 agendaen spesielt.

I dei seinare år har UiB også hatt auka merksemd på berekraftarbeidet i eigen organisasjon.

Her har klimaarbeidet, gjennom prosjektet Klimanøytralt UiB, vore eit prioritert område.

I oktober 2020 vedtok universitetets styre å etablere eit eige fond på 5 mill. kroner for å finansiere tiltak som skal engasjere tilsette og studentar i arbeidet med å redusere universitetet sitt klimaavtrykk.

Støtte gis til tiltak som kan redusere universitetet sitt klimaavtrykk innan dei følgande kategoriane:

1. Miljøvenlege reiser og arrangement

2. Tiltak for mindre forbruk, gjenbruk og rydding

3. Nyskapande og innovative idear

Det er mange tilsette ved UiB som har sitt virke fleire stadar på campus, og som i dag må bruke bil eller buss for å kome seg frå stad til stad.

No har faggruppa for HMS, Beredskap og Berekraft fått stønad frå det interne Klimafondet ved UiB til å gje 250 tilsette årsabonnement på Bergen Bysykkel.

– Vi håper at folk vil sykle heller enn å ta bilen når dei skal fram og tilbake mellom ulike UiB-bygg og delar av campus. Slik er det både eit miljøtiltak og eit folkehelsetiltak. I tillegg er det fint om det kan bidra til at det blir lågare terskel for å dra til eit fysisk møte mellom kollegaer, sjølv om det kanskje skal haldast på ein annan del av campus, seier Emil Hausvik ved Faggruppe for HMS, Beredskap og Berekraft ved UiB.

Fleksibel løysing

Bysyklane kan ein finne på 101 stasjonar spreidd over store delar av campus, mellom anna i bakgarden i Kalfarveien 31, ved KMD i Møllendalsveien, ved Haukeland og ved odontologen.

– Vi vurderte eigentleg å kjøpe el-syklar fordi andre hadde gjort det, men vi såg at vi kunne tilby syklar til vesentleg fleire med bysyklane enn dei kanskje ein til to el-syklane vi hadde fått kjøpe inn for same pengesum, forklarar Hausvik.

Emil Hausvik ved bysykkel-stasjonen i Kalfarveien 31.

Dei som får abonnement kan bruke bysyklane kvar dag mellom 05.00 og 24.00. Sidan abonnementet er personleg, betyr det at ein også kan bruke syklane etter jobb og i helgene.

Du kan sjå om det er ledige syklar og ledig parkering på stasjonane i nærleiken av deg i ein egen bysykkel-app. Du treng heller ikkje setje sykkelen attende der du fann han. Du kan setje den igjen ved alle dei 101 stasjonane, så lenge der er ledig plass i stativet. Du kan sykle i 45 minutt om gangen og kjøpe ekstra tid i appen.

Effektiv transport

No i haust har campusbussen til UiB begynt å køyre igjen etter å ha vore koronastengt ei periode. Hausvik seier at dei ser på syklane som ei godt supplement til dei ordningane for transport som allereie eksisterer på UiB.

– Nokre gonger kan det også vere raskare å sykle, mellom for eksempel Kalfaret og Nygårdshøyden, enn å ta campusbussen via Haukeland, seier Hausvik.

Først til dei med størst behov

Sidan det berre vil vere 250 tilgjengelege verdikodar, må tilsette søkje om å bli tildelt eit bysykkelabonnement ved å fylle ut dette skjemaet. Verdikodar til årsabonnement kjem til å bli delt ut fortløpande og til dei med størst behov først.

– Vi kjem til å prioritere dei søkjarane som ofte deler tida si mellom i alle fall to ulike delar av campus, og gjerne meir enn eit par dagar i månaden. Men det kjem sjølvsagt an på kor mange søknadar vi får inn. Vi har 250 årsabonnement, og vi vil sjølvsagt dele ut alle, forklarar Hausvik.

Realfaggarasjen med den nye servicestasjonen og ladeskåp for el-sykkelbatteri.

Tiltaket er eit prøveprosjekt, men det vil vurderast å vidareføre det dersom mange er interesserte.

– Om mange vil bruke tilbodet, er dette potensielt noko som også kan vidareførast til studentar, seier Hausvik.

Har du ein god idé til klimatiltak ved UiB? Du kan søkje Klimafondet om midlar. Siste frist for å søkje i 2021 er 24. november.

Oppgraderte el-sykkelfasilitetar

Også Eigedomsavdelinga ved UiB har mottatt stønad frå Klimafondet i form av 500.000 kroner til å oppgradere sykkel-fasilitetane ved Nygårdshøyden Sør. Det nye utstyret kjem til å inkludere nye låsbare ladeskåp til el-syklar og ein servicestasjon. Oppgraderinga skal gjere det lettare og tryggare å bruke el-sykkel for studentar og tilsette.

Sykkelhuset, låsbart ladeskåp og ny matt film for å hindre innsyn til dyre syklar. I hjørnet ser du eit nytt sikkert ladepunkt for el-syklar.
Powered by Labrador CMS