NYHET

Direktør for Bjerknessenteret Tore Furevik kan glede seg over at senteret får finansiering i fem nye år

Bjerknessenteret er sikra finansiering

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim vil sikre Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen 30 millionar kroner i året i fem nye år. Senteret er eit av Europas største naturvitskapelege klimaforskingssenter.

Publisert Sist oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim melder torsdag 22.10.20 at Bjerknessenterets bevilgning frå Kunnskapsdepartementet vert forlenga med fem år, ut 2026.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim

FAKTA om Bjerknessenteret

Formål: Å forstå klima til nytte for samfunnet.

Eit av Europas største og mest akta forskingsmiljø innanfor naturvitskapleg klimaforsking.

Eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskings-instituttet og Nansensentere

www.bjerknes.uib.no

– Bjerknessenteret er viktig for Noreg, både som eit internasjonalt kunnskapssenter og som ein betydningsfull arena for rekruttering av nye generasjonar klimaforskarar. Difor ønsker eg å vidareføre finansieringa av senteret med 30 millioner kroner i året, i første omgang i fem nye år. Det håpar eg bidreg til at senteret held fram med å vere eit framragande forskingssenter som bidreg til å sette Noreg på kartet innan global klimaforsking, seier minister Henrik Asheim.

Ei statleg krone blir seks kroner i forskingsprosjekt

– For kvar krone vi får i statleg støtte, hentar vi inn seks kroner i forskingsprosjekt, nasjonalt og internasjonalt. At vi no er sikra finansiering i fem nye år er fantastiske nyhende frå regjeringa, eg sender ein stor takk, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Furevik peiker på at dei fire partnarane som samarbeider i Bjerknessetneret har klart å skape eit internasjonalt stort og konkurransedyktig forskingsmiljø.

Trekk internasjonale toppforskarar til Bergen

Bjerknessenteret for klimaforsking er eit samarbeid mellom dei naturvitskaplege klimaforskingsmiljøa ved Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø- og fjernmåling.

– I år feirer vi tjue år som samarbeidsorgan for klimaforsking, og finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at vi er i stand til å ligge heilt i front innanfor ei rekkje forskingsområde. Vi vinn fram i konkurranse om dei store europeiske forskingsmidlane, og vi ser at merkevaren Bjerknessenteret gjer at internasjonale toppforskarar ønskjer å kome til Bergen, seier Furevik.

Også rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er nøgd med dagens gladmelding.

– Dette er fantastisk, seier ein stolt UiB-rektor. - Ikkje minst er det gledeleg at dette kjem i jubileumsåret for senteret, legg han til.

– Dette viser at Bjerknessenteret har gjort seg velfortjent til framleis å få støtte. Dei har gjort ein solid samfunnsinnsats over fleire år, og utgjer eit internasjonalt kunnskapssenter og eit solid forskingsmiljø innan vår tids største utfordring.

Finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at senteret kan ha forskingsgrupper som famnar over fire institusjonar, strategiske prosjekt som fører til ny kunnskap, nye prosjekt og fleire forskingsmidlar, og ikkje minst at senteret er i stand til å levere data og analyser til FN sitt klimapanel og til andre internasjonale og nasjonale aktørar med kunnskapsbehov.

Prioriterte forskingsfelt dei neste fem åra:

  • Global klimamodellering
  • Klimavarsel og effektforsking
  • Ekstremvêr og klimafarar (vind, flom, ras, tørke, brannar mm)
  • Havforsuring og karbonsyklusen i havet
  • Bidrag til at verda skal nå FNs bærekraftsmål

Les hele saken på Bjerknessenterets nettsider.

Powered by Labrador CMS