NYHET

Birger Berge og Hans Munthe-Kaas skal vere medseglarar på Statsraad Lehmkuhl.
Birger Berge og Hans Munthe-Kaas skal vere medseglarar på Statsraad Lehmkuhl.

Seglar med NRKs Sommerskute

Når NRK legg frå kai med Statsraad Lehmkhul i sommar, kjem to UiB-tilsette til å dukke opp på skjermen din.

Publisert Sist oppdatert

SOMMERSKUTA

  • Sommerskuta skal stoppe i 29 norske hamn og ei på Shetland
  • Skipet skal segle i seks veker frå Havøysund til Arendal
  • Siste stopp blir Arendalsveka
  • NRK skal streame frå skipet minutt for minutt, i tillegg til direktesendingar seks gonger i veka
  • Første sending er i slutten av juli

I årets «minutt- for-minutt- satsing» frå NRK har Statsraad Lehmkhul med seg rundt førti utvalde medseglarar. Seglskipet skal innom 29 norske hamn og ei på Shetland.

– Vi blir ei gruppe med mange forskjellege menneske, og eg gler meg til å vere om bord med dei i seks veker, seier professor i matematikk, Hans Munthe-Kaas.

Han mønstrar på saman med Birger Berge, som er seniorkonsulent på Holberg-prisen ved UiB.

– Det blir kjempespanande å vere med. Sidan dette siste året har vore ei spesiell tid, gler eg meg til å få reise og oppleve noko nytt, seier Berge.

Har hjarte for matematikk og naturvitskap

NRK skal streame frå skipet kvar dag i seks veker, i tillegg til direktesendingar på kvelden seks gonger i veka. Under seglasen kjem difor publikum til å få sjå intervju med medseglarane.

Medan Munthe-Kaas brenn for formidling av naturvitskap, matematikk og fotografering, lagar Berge strikkemønster og har gitt ut fleire strikkebøker.

Hans Munthe-Kaas vil gjerne ha innspel frå UiB-folk om tema han skal snakke om.
Hans Munthe-Kaas vil gjerne ha innspel frå UiB-folk om tema han skal snakke om.

Munthe-Kaas skal segle med skuta heile vegen frå Havøysund til Arendal. I tillegg til å vere matteprofessor har han teikna Arkimedes Labyrint i Botanisk hage, og har leia Abelprisen. På fritida er han ein ivrig fotograf av natur og fuglar.

– Eg kjem til å fortelje om matematikk og naturvitskap, som ligg hjartet mitt nært

Hans Munthe-Kaas

– Eg kjem til å fortelje om matematikk og naturvitskap, som ligg hjartet mitt nært. Eg har foreslått ulike tema til NRK, til eksempel Nansen som havforskar. Så må ein vere open for kva som dukkar opp under seglasen, som særskilte skyer, fuglar eller havstraumar. Kanskje lagar eg òg nokre mattenøtter som publikum kan løyse, seier han.

Vil ha innspel til historier

Munthe-Kaas vil difor oppfordre UiB-folk til å ta kontakt om dei har morosame historier som han kan dele på reisa. Dette kan vere om tema som havstraumar, matematikk, fysikk, astronomi, fuglar og sjøpattedyr.

Isfugl på Osterøy.
Isfugl på Osterøy.

Under seglasen kjem han òg til å legge ut mykje bilete av natur og fuglar på sin personlege blogg. Øvst på ønskelista står svartbrynalbatross og fregattfugl.

– Det hadde vore utruleg artig å sjå dei på reisa, men dei er veldig sjeldne, seier han.

Har gitt ut strikkebøker

Birger Berge er ein av Noregs mest populære mønsterskaparar.
Birger Berge er ein av Noregs mest populære mønsterskaparar.

Birger Berge mønstrar på i Bodø for å vere med skipet i tre veker, og skal til både Shetland og Sørlandet. Han starta å designe luer og vottar for seg sjølv på fritida, og er no ein av Noregs mest populære mønsterskaparar. På Instagram-kontoen sin har han over 40.000 følgjarar, og han har gitt ut fleire strikkebøker.

Eg kjem frå ei skapande slekt, og har alltid synest det er kjekt å lage ting

Birger Berge

– Eg kjem frå ei skapande slekt, og har alltid synest det er kjekt å lage ting. På universitetet jobbar ein mykje med langvarige prosjekt og tekst, og sit framfor ein skjerm. Det er difor givande å lage noko som er handfast, og skape fine og varme klede til bruk for i Norge, seier Berge, som til dagleg jobbar med Holbergprisen.

Gler seg til Shetland

Døme på strikkemønster frå ei av bøkene til Birger Berge.
Døme på strikkemønster frå ei av bøkene til Birger Berge.

Berge finn inspirasjon til strikkemønstera sine frå gamle mønstertradisjonar, natur og tekstilkunst. På Statsraad Lehmkuhl skal han ta med seg nokre artige og ferdige strikkeprosjekt han kan fortelje om, men han tek det litt som det kjem.

– Eg kjem mest til å strikke under seglasen, og kanskje satsar eg på nokre maritime tema. Ofte startar eg med ein plan, og så endrar og utviklar den seg. Utfordringa er pakkeplass, sidan eg må ha med både garn, pinnar og måleband, seier han.

Under seglasen kjem han også til å oppdatere Instagram-kontoen sin, også under hashtagen #placesyoucanknit.

Berge gler seg særskilt til å gå i land i Shetland, viss det er mogleg under pandemien.

– Shetland har ein lang tradisjon innan ullproduksjon og strikking, så eg håper eg kan handle lokalt garn og få snakke med menneska som bur der, seier han.