NYHET

Den nye utstillinga "Underverk av mangfald" ved Universitetsmuseet i Bergen opnar 30. oktober.
Den nye utstillinga "Underverk av mangfald" ved Universitetsmuseet i Bergen opnar 30. oktober.

Feirar det biologiske mangfaldet

– Vi er alle avhengige av det biologiske mangfaldet. I denne utstillinga vil vi vise både kva biologisk mangfald er, korleis det er i endring og korleis vi forskar på dette. Vi ønsker også å bevisstgjere publikum om årsakene til tapet av mangfald, som i dag skjer i eit alarmerande tempo, seier Terje Lislevand.

Publisert Sist oppdatert

UNDERVERK AV MANGFALD

  • Opnar 30. oktober, på Universitetsmuseet i Bergen.
  • Utstillinga bygger på forsking ved Universitetet i Bergen. Publikum vil få eit inblikk i metodologi, korleis vi veit det vi veit, kvifor denne forskinga er viktig, og kva vi enno ikkje veit.
  • Utstillingsarbeidet finn stad i samarbeid mellom Studio Louter, Opera Amsterdam, Hypsos, Avdeling for Naturhistorie, SAMKONS og Arena for forskingskommunikasjon ved Universitetsmuseet i Bergen.

Lislevand er ansvarleg for det faglege innhaldet i utstillinga «Underverk av mangfald», som opnar på Universitetsmuseet 30. oktober. Her kan publikum få eit innblikk både i breidda av livet på jorda i dag, livet som har vore tidlegare, og livet som står i fare for å døy ut.

– Utstillinga fungerer også som eit bakteppe til andre utstillingar på museet, som syner fram mangfaldet på ulike måtar, seier Lislevand.

Utvikling

Den moderne vitskapen kring artsmangfald går tilbake til då Charles Darwin steig i land på Galápagos-øyene i 1835. Han la merke til at skapningane på dei ulike øyene ofte likna kvarandre, men med nokre ulikskapar. Frå den observasjonen utvikla han hypotesen om naturleg utval – at dei best tilpassa individa i større grad enn andre fører sine eigenskapar vidare til neste generasjon.

I ei notatbok skisserte han det som har blitt kalla «Livets tre»; som illustrerer korleis artar utviklar seg kontinuerleg og vert delt opp i ulike «greiner». Dette vart ein grunnstein i Darwin sin berømte evolusjonsteori.

– Eg er spesielt imponert over at Darwin kom fram til dette utan å kjenne til gener. Studier av arvestoffet har i nyare tid bekrefta evolusjonsteorien. I dag er til dømes DNA-analysar viktige når vi forskar på slektskap mellom artar, seier Lislevand.

Artar i fare

Det er registrert meir enn 1,5 millionar artar på kloden, men forskarane sine anslag tyder på at det finst langt fleire - om lag 9 millionar artar – og det utan at mikroorganismane er talde med.

For å vite kva vi må ta vare på, eller til og med kva vi mister, må vi først vite kva vi har.

Terje Lislevand

Terje Lislevand ved ein monter i den nye utstillinga.
Terje Lislevand ved ein monter i den nye utstillinga.

– Det betyr at det er mange artar vi enno ikkje har oppdaga. Samstundes mister vi i dag artsmangfaldet raskare enn nokosinne. Vi er inne i det vi kallar den sjette store masseutryddinga, der biologisk mangfald blir redusert i høgt tempo. Den er i stor grad menneskeskapt – sjølv om artar også døyr ut naturleg. Endringane skjer mykje raskare enn tidlegare, seier Lislevand, og nemner hogst av regnskog, utbyggingar, jakt/fangst, innføring av framande artar og klimaendringar som eksempel på årsaker til at mange artar døyr ut.

– Det er vanskeleg å talfeste kor mange artar som forsvinn, og kva som blir konsekvensen av dette, av di det er mange artar vi i dag ikkje veit om. Det å finne og registrere nye artar er difor ei viktig oppgåve blant anna for forskarar her ved Universitetsmuseet. For å vite kva vi må ta vare på, eller til og med kva vi mister, må vi først vite kva vi har, seier han.

Fokus på vern

I tillegg til eit fascinerande innblikk i biodiversiteten vi har i dag, syner utstillinga fram både utrydningstrua artar, og artar som allereie har forsvunne. Til dømes kan publikum sjå Atlas-løvene som ikkje lenger eksisterer i det fri, pungulven som vart utrydda av australske sauebønder, og eit svært lårbein frå ein Tornieria-dinosaur som gjekk på slettene i Tanzania for om lag 150 millionar år sidan.

– Min personlege favoritt i utstillinga er nok vandredua, seier Lislevand, og legg til:

– Vandredua var tidlegare antakeleg den mest talrike fuglen i verda. No er den heilt utrydda.

Den nordamerikanske vandredua vart utsett for både ei rein nedslakting der dueflokkane til og med vart skotne med kanonar, samt skogshogst som gjorde at leveområda forsvann. Den siste kjende vandredua døydde i Cincinnati Zoo i 1914.

– Då vandredua vart slakta ned var det nok mange som ikkje kunne sjå for seg at det var mogleg for oss menneske å utrydde andre artar. I dag har vi heldigvis meir kunnskap og fokus på bevaring, seier Lislevand.

Engasjement

På ein vegg i utstillinga rullar ein interaktiv film, der publikum kan reflektere over kva dei sjølve kan gjere for å ta vare på artsmangfaldet.

– Det er trist og alvorleg at artar forsvinn, men utstillinga har og ein viktig bodskap om at det er håp! Menneske kan endre framferd – så lenge vi veit kva som står på spel og kva som må gjerast. Vi håpar å bidra til slik bevisstgjering gjennom utstillinga, seier han.

Lislevand fortel også at det er meir kunnskap og engasjement rundt tematikken no enn det var tidlegare. Klimaengasjementet er stort, kanskje spesielt blant unge; og klima, natur og artsmangfald går tett saman.

– Sjå til dømes på myrlandskap og regnskog, seier Lislevand, og utdjupar:

– Myrlandskap og skog er heim til eit rikt mangfald av artar. I tillegg vert det lagra store mengder CO2 i desse habitata. Så ved å ta vare på myrlandskap og regnskogen, tek vi vare på både artsmangfaldet og klimaet.