Barneuniversitetet

Viggo Krüger engasjerer barna med sang.

Barneuniversitetet i Bergen

Fredag 10. september var Universitetet i Bergen vertskap for Barneuniversitetet – ein konferanse for barneskular i Bergen kommune. Her var det fleire profilerte forskarar som fekk boltre seg på scena med 200 spente barneskuleelevar i Aulaen.

Publisert Sist oppdatert

– Det var akkurat slik eg hadde blitt fortald på førehand. Utruleg gøy og det gav mykje energi, seier prorektor Pinar Heggernes som ønskte velkommen.

Prorektor Pinar Heggernes.

Med 200 barneskuleelevar skulle ein kanskje tru at det kom til å bli vanskeleg å halde på merksemda deira gjennom dagen, men det vart ikkje noko problem gjennom dei to gongar 1,5 timane programmet varte.

– Forskarane våre er flinke til å formidle til barn, dei klarte å halde på merksemda og fekk mange gode spørsmål frå salen båe under og etter føredraga sine, seier Heggernes.

Barneuniversitetet er ein kjempefin tradisjon, som gir UiB og barna moglegheit til å bli kjent med kvarandre. Det gjer kanskje at dei får interessa for det vi gjer her og kjem tilbake som studentar når den tid kjem, seier Heggernes.

Kikki Kleiven viser fram flygande dinosaurar.

Engasjerande program

Programmet starta med at UiB-alumn og programleiar Selda Ekiz gjorde nokre eksperiment på scena. Til stor begeistring frå salen viste ho kva som skjer når ei blandar flytande nitrogen og kokande vatn – røykskya sto til vers. Før ho introduserte UiBs første forskar, viste ho kordan ein kan bruke eit plastrøyr som tryllestav ved hjelp av ull og statisk elektrisitet.

Selda Ekiz blandar kokande vatn og flytande nitrogen.

– Så herleg å endeleg få lov til å stå framfor eit så flott publikum. Det er godt etter 1,5 år med forelesning på skjerm, seier Kikki Kleiven frå scena.

Rektor Margareth Hagen saman med Selda Ekiz.

Kleiven snakka om korleis det såg ut i Arktis for 50 millionar år sidan og om at dagens isøyde tidlegare var som Syden med et yrande dyreliv som no er utrydda. Elevane var ivrige med spørsmål om dinosaurar, meteoren som trefte jorda og utrydda desse. I tillegg hadde dei spørsmål om klimaendringar og kven Lucy var.

Ellen Haug snakkar om gaming og fysisk aktivetet.

Kleiven vart etterfølgd av Viggo Krüger som snakka om musikk og drog i gang songøvingar med elevane – noko som var ein stor suksess.

Etter pausen var scena klar for Ellen Haug som snakka om gaming og fysisk aktivitet og om det har endra seg i koronatida og Sissel Undheim som spurde om ei kan leike med religion og om profetiar og gudar i leikekassa. Til sist fekk barna utdelt diplom av rektor Margareth Hagen.

Sissel Undheim snakkar om korleis ein kan leike med religion
Powered by Labrador CMS