#folkpåUiB

Mari Froastad

Bærekraftspilot ved UiB og masterstudent i naturgeografi, SV-fakultetet

"Bærekraftspilotane er tilsette under universitetsleiinga, og er eit bindeledd mellom studentane og leiinga i arbeidet mot eit klimanøytralt UiB. Om UiB skal bli klimanøytralt må det openbart skje frå høgare hald, men det er veldig relevant å inkludere personar som er ein del av studentmassen og som jobbar med bærekraft. Kanskje er det litt enklare for andre studentar å komme med innspel og interesse då.

Som bærekraftspilotar jobbar vi mykje saman, men har også våre eigne ansvarsoppgåver. Mitt fokusområde er marin forsking og den siste tida har eg vore med å planlegge UiB sin innsats i dei nasjonale strandryddevekene, der vi blant anna drog til Øygarden med båt. Vi var i underkant av 40 personar og plukka så mykje som 1,2 tonn plast i løpet av tre timar. Det var ganske skremmande, men samtidig var det flott å sjå eit så stort engasjement!"

Powered by Labrador CMS