I VINDEN

Øyvind Fiksen ved roret på Statsraad Lehmkuhl under seilasen i Stillehavet nyleg. Fiksen er professor i biologisk oseanografi og visedekan for den marine satsinga.

Skal gjere den grøne bølgja blå

Først skal den marine dekanen gi råd om havforsking til byråkratane i Brussel, så reiser han fram i tid til år 2100 for å sjå korleis det har gått.

Publisert Sist oppdatert

I VINDEN

Namn: Øyvind Fiksen, professor i biologisk oseanografi og visedekan for marin satsing på Mat.nat.-fakultetet.

Aktuell med:

Som marin dekan står han i spissen for mange av UiB sine aktivitetar innan satsingsområdet Hav, som One Ocean-ekspedisjonen og arrangementet "Night at the Aquarium" under Forskningsdagane. Han er også sentral i utforminga av UiB og NORCE sine havretta innspel til EU sitt forskingsprogram Horisont Europa. Råda blir presenterte på seminaret Making the Green Wave Blue i Brussel 18. oktober, der Fiksen deltek i ein paneldebatt om bærekraftig bruk og forvalting av ressursane i havet. Mange frå UiB og NORCE deltek i lag med gjester frå EU-kommisjonen m.fl.

Kva skjer i Brussel 18. oktober?

UiB og NORCE skal gjere den grøne bølgja blå i Brussel – vi har invitert ei rekke DG’ar (departement i EU-kommisjonen, red.anm.) og andre viktige folk på seminar om hav, kyst og arktis. Vi stiller med stor fagleg bredde av våre folk med spissa poeng om tema vi er opptatt av, og som vi gjerne vil ha med i den neste strategiplanen for Horisont Europa.

Kva er hovudinnspela UiB og NORCE gir til EU?

Vi vil ha meir forsking på kyst og Arktis – to område av stor betydning for UiB og NORCE, og for Noreg. Vi skal få fram kor viktig kyst og grunne hav er for oss og for Europa, og fortelle at vi må forske på både bruk og vern for å finne gode berekraftige løysingar for energiproduksjon og mat frå havet. Og så er det klart at vi må ta opp klimaendringar i Arktis, og kva reduksjon av isdekke i nord kan bety for natur, folk og internasjonale relasjonar. UiB og NORCE er store aktørar på forsking om hav, klima og Arktis – og vi vil gjerne vise Brussel at det er mange uløyste spørsmål som treng innsats gjennom Horisont Europa. Og så blir det vel ein del kanapear etterpå, ser eg for meg?

Korleis vil du oppsummere One Ocean Expedition-toktet?

Eg trur det berre er dei som var med fire månader over Stillehavet som kan svare på det – det er rett og slett ikkje lett å sette seg inn i for oss som ikkje var med. Eg kan berre oppfordre alle til å få med seg det som kjem av formidling rundt toktet, ikkje minst One Ocean Week i april når Statsraaden kjem til Bergen igjen. For min del er eg mest letta over at alle kom seg ombord i første omgang, og så trygt tilbake etterpå. Å sende 90 studentar på ei slik reise over Stillehavet har sine utfordringar under alle forhold, og enda størr under ein pandemi. Stor takk til alle som var med ombord og dei på UiB som har stått på for å gjere dette eventyret mulig.

Kva er det neste som skjer i Havforskingstiåret for deg og UiB?

Vi er i gang med å rekruttere eit nytt kull med 23 postdoktorar til vår storsatsing SEAS - Shaping European Research Leaders for Marine Sustainability – eit prosjektet med 37 postdoktorar og eit breitt fagleg spenn men alle knytta til havet og berekraft på ulike vis. Det er utruleg spennande å følge denne gruppa av unge, internasjonale, tverrfagleg orienterte forskarar og sjå korleis dei kommuniserer og prøver å forstå kvarandre.

Det neste store for min del er å segle Statsraaden frå Maputo til Cape Town i januar – 10 dagar med full skute, undervisning, studentar og sommarskule organisert av Nansensenteret. Vel framme i Cape Town arrangerer UiB eit tre-dagars møte i regi av International Association of Universities om høgare utdanning og berekraftsmåla – korleis gjer vi det rundt om i verda og kva er utfordringane? UiB har gjort ein stor innsats i dette universitetsnettverket over lengre tid, og leier den delen av nettverket som har ansvar for SDG14 Livet under vatn. Etter det er det ikkje lenge til One Ocean Week.

Fem kjappe:

Rektor for ein dag – kva sak tar du først tak i?

Hm – det ville nok ha handla om undervisning, og det ville tatt meir enn ein dag. Ein konkret sak er bygga våre, eg ville bygd om alle undervisningsrom til aktiv-rom med flate golv, gruppebord og tavleveggar. Eg har brukt eit slikt rom eit par år og det er skjer magiske ting der!

Kva gjer du helst når du ikkje er på UiB?

Eg har ein stad i Øygarden der eg grev i jorda, fiskar og syklar. På vinteren er det fjellet og skøyteski som er yndlingsaktivitet.

Kan du tilrå ei bok fleire UiB-folk bør lese?

Alle burde lese Steven Pinkers ‘Enlightenment now’, ei optimistisk bok om alt som blir betre i verden, ei velformulert motstemme til all pessimismen som rår om dagen.

Du får ein tidsmaskin! Til kva tid drar du, og kvifor?

Kven vil vel reise tilbake i tid – eigentleg? Eg vil dra fram til 2100 og sjå tilbake på alle prediksjonane vi gjer no om korleis det blir der – kva trudde vi og korleis gjekk det? Eg har trua på at vi løyser utfordringane vi står overfor, og at 2100 blir eit godt år.

Kva for ein plass i Bergen viser du først til ein som er ny i byen?

Her skulle eg vel svart Universitetsmuseet eller noko slikt, men det hadde nok blitt ein bratt sykkeltur over Rundemanen.

Powered by Labrador CMS