NYHET

Festivalsjef og sjukeheimspsykolog Anna Helle-Valle.
Festivalsjef og sjukeheimspsykolog Anna Helle-Valle.

Siste kapittel: – Alderdomen er lang, rik og samansett

Den 18. og 19. juni skal alderdomen feirast under festivalen Siste kapittel. Festivalen rommar både eit internasjonalt fagseminar om aldring og kulturinnslag som byr på opplevingar på tvers av alder.

Publisert Sist oppdatert

SISTE KAPITTEL

Festival og digital aldringsarena

Festivalen går føre seg 18. og 19. juni ved KMD, i Universitetsaulaen, Muséhagen og på Naturhistorisk museum.

Leiar: Anna Helle-Valle

Samarbeidspartnarar:

Arrangerast med støtte frå:

  • Norges forskningsråd, Kavlifondet
  • Kulturrådet
  • Vestland fylke
  • Fritt Ord
  • Bergen Sanitetsforening
  • Bergen kommune ved Byrådsavdeling for eldre, helse og frivillighet og Byrådsavdeling for kultur, mangfold og likestilling.

Dei første spede tankane om å lage festival kom først då Anna Helle-Valle skreiv doktorgrada si i psykologi om uro hos barn. Den gongen vart det ikkje noko av festivalplanane. Då ho var ferdig med doktorgraden fekk ho seg, ikkje heilt etter planen, fast jobb som psykolog i sjukeheimstenesta i Bergen kommune. Der gjekk det opp for ho at det var alderdomen festivalen skulle handle om.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt til å søkje på den jobben. Eg tenkte at eg ikkje kunne noko særleg om aldring, men samtidig gjorde det jobben litt spanande òg. Sidan eg begynte har det vore ei skikkeleg oppdagingsreise i både sjokk og vantru, men også inspirasjon og glede, fortel Helle-Valle.

Sjokket kom av at ho såg kor langt på sida av resten av samfunnet mange eldre lever liva sine. I tillegg fekk ho sjå på nært hald det aukande presset både pårørande og velferdsstaten kjem under etter kvart som talet på eldre i samfunnet aukar.

Siste kapittel: Ei feiring av alderdommen

Saman med mellom anna krefter frå UiB, Bergen Nasjonale Opera og Bergen Sanitetsforening, bestemte ho seg for å sjå nærare både på utfordringane og ressursane som ligg i alderdomen gjennom å samle kunnskap om aldring. Resultatet er ein digital aldringsarena og ein årleg festival i juni. Den digitale aldringsarenaen lever gjennom året og inneheld mellom anna ein podkast, konsertar og faglege verkstader.

Namnet for stiftinga, den digitale aldringsarenaen og no også festivalen, vart Siste kapittel. Dei ville framheve at alderdomen er ein like viktig og verdifull del av livet som det siste kapittelet er i ei bok.

For det er jo så sjølvsagt, at i ei historie, anten det er ei livshistorie eller ei bok, så set jo slutten resten av fortellinga i kontekst.

Anna Helle-Valle

– Du ville jo aldri sagt at du hadde lese ei skikkeleg god bok, men du gadd ikkje lese det siste kapittelet. For det er jo så sjølvsagt, at i ei historie, anten det er ei livshistorie eller ei bok, så set jo slutten resten av fortellinga i kontekst. Det er jo då du får vite korleis deg eigentleg gjekk! seier Helle-Valle.

Haldninga ein har til det siste kapittelet, gjennom alle dei andre, er med på å forme korleis alderdomen blir.

Kva vil du gjere i dine siste kapittel? Korleis vil du at alderdomen skal sjå ut om ti, femten eller tjue år? Om vi ikkje veit kvar vi vil, er det mykje vanskelegare å komme oss dit.

Anna Helle-Valle

– Det er det vi vil legge til rette for her. Å spørje kor vi vil. Kva vil du gjere i dine siste kapittel? Korleis vil du at alderdomen skal sjå ut om ti, femten eller tjue år? Om vi ikkje veit kvar vi vil, er det mykje vanskelegare å komme oss dit.

Ein alderdomsfestival – for kven?

Programmet for festivalen er sett saman av både kulturinnslag og seminar om mellom anna deltaking i samfunnet, alternative buformer, hjartesjukdom hos kvinner, frivilligheit og berekraft. Sjølv om festivalen sirklar rundt alderdomen som tema, er den ikkje berre for eldre folk. Den er for alle.

– Det er mange godt vaksne menneske, 65 pluss, som seier at festivalen høyrast spanande ut, men lurer på kven den er for. Dei føler sjeldan at dei er «dei eldre», sjølv om dei faktisk er det. Det er nok fordi det er mange fordommar og stereotypiar knytt til alderdomen som dei fleste ikkje vil kjenne seg sjølv att i. Dei ser jo kva slags ressursar dei sjølv har og kor mangfaldige dei er. Men då er det kanskje grunn til å tru at det gjeld andre eldre òg? spør Helle-Valle.

Ved å syne fram alderdomen som eit mangesidig og nyansert kapittel av livet, håpar ho å sprengje nokre av fordommane mange ber på, med nysgjerrigheit og nærleik.

Alderdomen er lang, rik og samansett, så kvifor har den hamna i baksetet?

Anna Helle-Valle

– Eldre vert ofte sett på som einsame, deprimerte og litt stakkarslege folk som ikkje er i stand til å kome med nye idear eller vere produktive og kreative. Sanninga er at aldring i seg sjølv ikkje har psykologiske eller kulturelle konsekvensar. Berre mellom seks og sju prosent av dei eldre i Noreg i dag bur på sjukeheim. Dei fleste eldre er friske og kan bu heime, fortel Helle-Valle.

Ho trekk fram at gifte, nordiske kvinner på rundt 70 år er dei globale vinnarane når det kjem til psykisk helse. Statistisk sett har dei lite angst, har god kjøpekraft og har det generelt bra.

– Alderdomen er lang, rik og samansett, så kvifor har den hamna i baksetet? spør Helle-Valle.

Opplevingar på tvers av alder

Frå vi vert fødde blir vi gruppert i kull etter fødselsår, og ikkje etter interesser eller kva ein etter kvart viser seg å vere flink til. Det finnast både kurs, reiser, kafear, songkor og kulturopplevingar som retter seg primært mot eldre. Helle-Valle meiner det er rart å tru at alle eldre frå 65 til 100 år skulle ha meir til felles enn andre store grupper, for eksempel alle dei frå 0 til 40 år.

– Er det noko vi veit, er det jo at vi får eit større mangfald jo eldre vi blir. Eg plar tenkje på det som eit tre med sprikande greiner. Vi startar livet som ganske like nede ved stammen. Då gjer vi alt vi kan for å vere like også. Jo eldre du blir, jo meir breier liva våre seg ut i ulike retningar. Då er det eit stort paradoks at ein blir putta inn i ein liten og trong kategori som eldre eller pensjonist utan å sjå på kva slags liv du har levd. Det burde ha vore heilt motsett.

Difor er både seminar og kulturopplevingane under Siste kapittel sett saman for å gje noko som kan vere relevant og interessant for alle aldrar.

– Vi vil legge til rette for at publikum, barnebarn saman med besteforeldre, studentar, foreldre og barn, vaksne og gamle, på tvers av alder og roller skal kunne ta del i festivalen og oppleve noko saman. Noko som bind dei saman gjennom opplevingar som rører ved dei og som kanskje kan bekrefte sider ved identiteten deira som ikkje har med alder å gjere, seier Helle-Valle.

Festivalleiaren i Muséhagen - ein av stadane som blir arena for Siste kapittel 18. og 19. juni.
Festivalleiaren i Muséhagen - ein av stadane som blir arena for Siste kapittel 18. og 19. juni.

Alderdomen i eit kjønnsperspektiv

Ein av samarbeidspartnarane til Siste kapittel er Bergen Sanitetsforening/Norske Kvinners Sanitetsforening. Dei er ein av få organisasjonar som arbeider for å fremje kvinnehelse i Norge og støttar mellom anna aktiviteten ved Senter for forsking på hjartesjukdom hos kvinner ved UiB.

Ein av fleire raude trådar i festivalen er nettopp kvinnehelse, kvinner si rolle som pårørande og konsekvensane likestillinga har for korleis alderdomen vår blir. I dag står nemleg mange vaksne kvinner i eit krysspress mellom betalt arbeid, å ta seg av eigne born og etter kvart ta seg av eigne foreldre når dei vert gamle. Om lag halvparten av eldreomsorga i dag er utført av ulønte frivillige, som oftast pårørande kvinner.

BILLETTAR OG FRIVILLIGE

– Vi har kome langt i likestillinga her til lands, men det er framleis store skeivheiter i rolla som pårørande. I Norge rykka velferdsstaten inn med barnehagar og sjukeheimar den gongen kvinnene skulle ut i lønna arbeid. Om vidare kvinnefrigjering skal bety at vi skal trekke oss ut frå fleire omsorgsarenaer, vil vi jo ende opp med eit vakuum. I alle fall så lenge ikkje menn tek på seg fleire av oppgåvene.

Vi kjem til å få ei utfordring med korleis vi skal ivareta helse og omsorg for dei som treng det. Difor må vi begynne å snakke om dette no for å finne nye måtar å kome det veksande omsorgsbehovet i møte.

Anna Helle-Valle

Vi veit allereie no at velferdsstaten sine ressursar vil utfordrast framover og at dei eldre vil bli fleire. Samtidig kjem det signal frå politisk hald om at det er dei frivillige som skal ta over fleire av oppgåvene som det offentlege tek seg av no.

– Om det ikkje skjer radikale endringar, trur eg at disse oppgåvene i stor grad kjem til å falle tilbake på skuldrene til kvinner. Det er jo eigentleg ei suksesshistorie at vi vert så gamle som vi blir no, men det betyr jo ikkje at vi får veldig mange nye friske år. Vi kjem til å få ei utfordring med korleis vi skal ivareta helse og omsorg for dei som treng det. Difor må vi begynne å snakke om dette no for å finne nye måtar å kome det veksande omsorgsbehovet i møte, avsluttar Helle-Valle.

Sjå heile programmet for festivalen her.