SYKLE TIL JOBBEN

Nikolay Stoyanov Kaleyski er ein av tre deltakarar fekk maks poengsum i årets Sykle til jobben-aksjon.

Vinnarane av årets Sykle til jobben-aksjon er kåra

Fredag blei vårens Sykle til jobben-aksjon avslutta, og dei som vann fekk maks poeng.

Publisert Sist oppdatert

SYKLE TIL JOBBEN OG UIB

Vinnarar:

Nikolay Stoyanov Kaleyski

Kristine Breivik

Elisabeth Müller Lysebo

Beste lag:

#realfagUIB med

Ingrid Christensen

Kristine Breivik

Elisabeth Müller Lysebo

Premie:

Reparasjonsgåvekort frå Naturvernforbundet

KVA ER SYKLE TIL JOBBEN

Sykle til jobben er en årleg kampanje med mål om å få flest mogleg i aktivitet. Kampanjeperioden er frå 20. april til 18. juni. Dette er ein lågterskel, sosial, miljøvennleg, unik og morosam konkurranse.

– Eg blei veldig glad då UiB vart med på Sykle til jobben-aksjonen i år også. Eg ville delta i fjor, men då samfunnet blei stengd ned, var eg kanskje i overkant forsiktig i starten, så det ble lite fysisk aktivitet, seier Nikolay Stoyanov Kaleyski. Han er ein av årets vinnarar.

– Kampanjen hjelpte meg å holde meg aktiv då eg var i innspurten på doktorgradsavhandlinga mi. Då var det godt å få en pause frå skriving og korrekturlesing. Sjølv om eg ikkje var så aktiv som eg ønskte, gav det ekstra motivasjon å komme seg ut for å samle dagens poeng, seier Kaleyski.

Han er ein av tre deltakarar fekk maks poeng, og har dermed vunne eit reparasjonsgåvekort frå Naturvernforbundet. I tillegg til beste enkeltdeltakarar, vert også beste lag kåra. I tillegg til Nikolay Kaleyski var det Kristine Breivik og Elisabeth Müller Lysebo som vann den individuelle konkurransen. Breivik og Lysebo var også med på det vinnande laget, #realfagUiB, saman med Ingrid Christensen. Vinnarlaget hadde til saman 367 økter mellom 20. april og 18. juni – noko som tilsvara nesten 2 økter per person per dag.

– Med 283 deltakarar under UiB-fana er vi godt nøgde med deltakinga i år, seier miljøkoordinator Helene Wiken.

Fleire med maks poengsum

I Sykle til jobben-aksjonen er 180 poeng det meste ein deltakar kan oppnå. I år var det tre personar som nådde denne milestolpen.

– Det er veldig bra, det er lagt ned ein imponerande innsats. Det synes som at folk har lagt inn eit ekstra gir, seier Wiken.

Når ein har fått ein så kort veg på jobb som ein har med heimekontor, krev det kanskje meir å få til kvardagsaktiviteten.

– Det har ikkje vore så lett å sykle til jobb, så folk har jo planlagt aktiviteten på ein annan måte. Derfor er det ekstra gøy at fleire har maksa poengskalaen, seier Wiken.

Vil gjere det enklare å sykle til jobb

Det har vore eit annleis år kor få faktisk har reist til jobb, men på UiB jobbast det med å legge betre til rette for å sykle til jobb i framtida.

Miljøkoordinator Helene Wiken og overingeniør Steinar Sundberg

– Til neste sesong har vi betra fasilitetane for dei som vil sykle til jobb. Fleire sykkelparkeringar, auka sikkerheit i sykkelskura med mellom anna kamera og ladeskap for elsykkelbatteri med plass til sykkelhjelm. I tillegg set me opp fleire servicestasjonar på campus – stolpar med dei mest vanlege sykkelverktøya og ei pumpe til å pumpe luft i flate dekk, fortel overingeniør i Eigedomsavdelinga Steinar Sundberg.

Dette er bere nokre av tiltaka som er gjort. Etter kvart som fleire bygg renoverast, vil det også der bli lagt til rette for ei aktiv reise til jobb.

– I Allégaten 70 og Jahnebakken 3 og 5 er det garderobar og tørkemoglegheiter i tillegg til sykkelparkering. Når Nygårdsgaten 5 er ferdig, blir det innvendig spyle- og servicestasjon og garderobe og tørkemoglegheiter. Dette vil gjere det enklare for dei som ynskjer å sykle til jobb, og det er ei viktig satsing for universitetet, sei Sundberg.

Om du og dine kollegar syklar til jobb og har idear til korleis sykkelkvardagen dykkar kan gjerest enklare, finst det gode moglegheiter.

– Er du syklist og vil oppgradera dei lokale fasilitetane, kan du søke om støtte frå UiBs Klimafond. Då kan de få pengar til små oppgraderingar som gjer det enklare å sykle til jobb, seier Helene Wiken.

Powered by Labrador CMS