NYHET

Kongen og Presidenten
I forbindelse med Universitetsmuseet og Universitetet i Bergens 200-årsjubileum, har det blitt samlet inn to hundre fortellinger om museet og dets gjenstander fra 1825 til 2025. Denne historien tar for seg samarbeidet og vennskapet mellom Universitetsmuseets grunnlegger Wilhelm Frimann Koren Christie og kong Karl Johan av Norge og Sverige.

Universitetsmuseet i Bergen er landets eldste «altomfemnande» museum. I 1840 fekk museet reist Noregs første føremålsbygde museumsbygning. Eit tilbygg til det Klagenbergske hus ved Lille Lungegårdsvann, som stod der Bergen Rådhus står i dag. Ingen ringare enn sjølvaste kongen, Karl Johan av Noreg og Sverige, var museet sin viktigaste støttespelar då den nye bygningen skulle finansierast. Han gav museet heile 600 spesidalar i kontantar og teikna aksjar for ein tilsvarande sum, totalt 1200 spesidalar. Nest største bidragsytar var fiolinisten Ole Bull med sine 10 aksjar, verd 1000 spesidalar. Saman finansierte desse to over halvparten av byggekostnaden på vel 4000 spesidalar. Kongen hadde dessutan gitt museet avgiftsfritak for trykking av aksjebrev. Desse var omsettelege og som lån å rekne, med ei rente på 4%.

Museet sin preses og grunnleggar Wilhelm Frimann Koren Christie (1778- 1849) og kong Karl Johan (1763-1844) kjende kvarandre godt frå tidlegare. Christie var sekretær for den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll 17. mai 1814 og stortingspresident 4. november same hausten, då Noreg valde å gå i union med Sverige. «President Christie» var dermed Noreg sin fremste representant i møte med den svenske motparten, som i røynda var den dåverande kronprinsen, Carl Johan Bernadotte. Forholdet mellom dei to vart venleg og prega av gjensidig respekt.
På utanlandsferda si i 1823 var Christie innom Leipzig for å sjå og oppleva den tidlegare slagmarka utanfor byen. Ti år tidlegare, 16.-19. oktober 1813, hadde Norges sin skjebne blitt avgjort her, i det så kalla «folkeslaget» mot Napoleon. Det var kronprins Carl Johan som hadde leie dei svenske troppane under dette avgjerande slaget, som sidan førde til Kiel-traktaten og det framtidige hopehavet mellom Noreg og Sverige.

Christie nytta venskapen med kongen godt då han i 1840 trengde stønad til å reisa ein ny og sårt tiltrengd museumsbygning. Allereie i 1835 hadde museet fått ei rekke natur og kulturhistoriske gjenstandar frå «Hans Majestæt Kongen» , som til dømes ein «Sølvstuf fra Kongsberg, vejende 3 Mark gedigent Sølv», 24 skinn til utstopping frå det nordlege Russland, 20 medaljar, 8 kostelege bokverk mellom anna Carpelans «Voyage pittoresque aux alpes norvégiennes», kart og litografiar. I november dette året står det i museet sin forhandlingsprotokoll at Christie « havde fundet Leilighed til at tale om Musæet til Hans Majestæt Kongen, som naadigst ytrede at ville fremdeles betænke Musæet med Gaver, og til den Ende forlangt en Fortegnelse over saadanne Gjenstande, som kunde være ønskelige.»
Kongen stilte altså opp igjen for museet då Christie fann det «ønskelig» med stønad til å reisa ein ny museumsbygning. Det skapte noko forvikling i direksjonen då majesteten både hadde teikna aksjar og gjeve reine pengar av same verdi. Var pengane eigentleg ei erstatning for aksjane og var han med det ikkje lenger å rekne som aksjonær? Svaret kom 10. april 1840 då museet «ved Statssecretair Due var bleven underrettet om, at Hans Majestæt Kongen maatte være at betragte som Actietager.»
Seinare same året finansierte Karl Johan òg innkjøpet av ei boksamling etter avdøde Dr. Lüdecke på ein auksjon i Stockholm. Og i 1844 ei samling på heile 82 bind med antikvariske, historiske, numismatiske og naturhistoriske bøker på ulike språk.
Museet i Bergen må altså ha vore eit hjartebarn for både konge og president.