Viser nazi-barnebok i jødisk utstilling

Torgeir Skorgen har laga utstilling om «Bokens folk», jødane, i høve 70-årsmarkeringa av deportasjonen av dei norske jødane. I tillegg til skrifter av Holberg og Wergeland er ei nazistisk, anti-jødisk barnebok ei av dei interessante bøkene som blir vist fram. Utstillinga opnar i dag.

Torgeir Skorgen og Pedro Vásquez inviterer til utstillingsopning klokka 1300 i dag. Foto: Dag Hellesund

Saman med avdelingsingeniør Pedro Vásquez har førstebibliotekar Torgeir Skorgen ved Universitetsbiblioteket (UB) sett saman ei både munter og dyster utstilling om jødane si historie i Noreg, sett gjennom bøker og andre tekstar.

– Bokleg lærdom har vore rekna som den høgste form for rikdom i den jødiske tradisjonen, fortel Skorgen. Difor har dei ofte vore kalla «bokens folk».

Utstillinga fokuserer på tre årstal:

1742, då Ludvig Holberg ga ut si bok “Den Jødiske Historie frå Verdens Begyndelse fortsatt til disse Tider”.

1842, då Henrik Wergeland ga ut “Jøden og kampanjen” for å få jødeparagrafen i Grunnlova oppheva nådde sitt høgdepunkt.

1942, då norske jødar blei arresterte, og 532 deporterte frå Oslo den 26. november.

Tolerant Holberg
Dei første jødane kom til Danmark på 1600-talet, under Kristian 4. Holberg skreiv eit omfattande verk om dei, som er prega av korleis samtida såg på gruppa.

– Til å skrive på 1700-talet er Holberg tolerant. Han skriv mellom anna at jødane er fattige, men ærlegare enn andre fattige. Men han skriv også at dei er trassige, oppsetsige og ågerkarlar. Men han er tydeligvis mot tvangskristning og assimilering. Han ytrar toleranse innanfor ei protestantisk ramme, fortel Skorgen.

Bergensar mot jødeparagrafen
Neste stopp i historia er 1842, då kampanjen for å få avskaffa jødeparagrafen i Grunnlova var på sitt sterkaste. Nicolai Wergeland, far til Henrik, var ein av forkjemparane for paragrafen om at jødar ikkje skulle få komme inn i riket. Dette året gir Henrik ut “Jøden: ni blomstrende Torneqviste”, og Stortinget røysta over om jødeparagrafen skulle fjernast eller ikkje. Forslaget fekk fleirtal, men med færre røyster enn to tredelar, som var naudsynt for å gjere om Grunnlova.  Grunnlova blei først endra i 1851, seks år etter at Wergeland døydde. Bergensaren Hans Holmboe var den som førte prosessen i mål i Stortinget.

Antisemittisme for barn
Ei særleg interessant bok på utstillinga er den antisemittiske barneboka “Trau Keinem Fuchs auf grüner Heid und keinem Jud Bei seinem Eid! Ein Bilderbuch für Gross und Klein” (Tru ikkje reven på den grøne hei, og ikkje jøden på hans eid! Ei biletbok for stor og liten), skriven av 21 år gamle Elvira Bauer. Boka blei utgitt i 1936, og Bauer var tysk barnehagepedagog og glødande nasjonalsosialist. Målet med boka var å forklare raselovene for tyske ungar gjennom rim og teikningar.

Til konsentrasjonsleirane
Eit anna av utstillingsobjekta er eit eksemplar av Ideologisk månedshefte for hirden.

– Det inneheld bilete frå konsentrasjonsleirane, og viser at norske nazistar tidleg var informerte om at desse eksisterte, seier Skorgen.

771 jødar blei deporterte frå Noreg under krigen. Berre 34 av dei overlevde. Av dei 23 som kom frå Bergen eller Hordaland var det ingen som overlevde.

Utstillinga opnar i dag klokka 1300 i Manuskript- og librarsamlingane i HF-bygget, og det blir både omvisning og musikalske mellomspel.

Dei tyske raselovane blir forklart i Ideologisk månedshefte for hirden i 1942.

 

 Ein jødisk slaktar portrettert i ei antisemittisk barnebok.