Det såkalla BB-bygget har slite med lekkasjar, og skal få eit nytt bygg på toppen. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Det såkalla BB-bygget har slite med lekkasjar, og skal få eit nytt bygg på toppen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Ville nekta innsyn i CV, fekk nei

Universitetet i Bergen nekta ein leverandør innsyn i ei anbodssak. Men det kunne universitetet ikkje gjera, seier Felles klagenemnd.

Publisert

I februar i fjor vedtok universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) at det skal byggast eit bygg oppå Bygg for biologiske basalfag (BB-bygget) på Haukeland. 115 millionar kan dette kosta, sa styret før prosjektet vart sendt ut på anbod.

Den var ei av bedriftene som ikkje nådde opp som bad om innsyn i anbodsdokumenta frå to andre. Den eine var bedrifta som fekk oppdraget. Det var berre desse tre bedriftene som leverte inn tilbod.

Men UiB sa nei til å gi ut alt, og nekta mellom anna å gi ut CV-ar som var lagt ved tilboda. Dei ville heller ikkje gi innsyn i referat frå møte eller pristilbod.

Fullt insyn

Felles klagenemnd har no avgjort saka, og gir klagar delvis rett. Klagaren får fullt innsyn i CV-ane og referata frå avklaringsmøta, og klagar får òg delvis innsyn i referata frå forhandlingsmøta og totalprisen i tilboda. Men klagar får ikkje vita detaljar i pristilbodet.

— I saker om offentlege innkjøp er tilboda mellombels unnatekne til konkurransen er over. Etterpå har me framleis ansvar for å ta vare på det som kan vera bedriftshemmelegheiter.

Det seier Kjetil Skog, som er innkjøpssjef hos UiB.

Skog seier at kva som faktisk er ei bedriftshemmelegheit er noko det ikkje er eit klårt svar på, og noko som må vurderast i kvar enkelt sak.

Me ber bedriftene sjølve om å seia kva dei ser på som hemmelegheiter. Men deretter tek me ei sjølvstendig vurdering.

Kjetil Skog

— Me ber bedriftene sjølve om å seia kva dei ser på som hemmelegheiter. Men deretter tek me ei sjølvstendig vurdering. Me kan ikkje utan vidare gjera som dei seier, seier Skog, og fortel at nokre bedrifter meiner at all informasjonen er hemmeleg, andre seier at ein kan gi ut all informasjon om tilbodet deira.

Ber om innsyn i alt

— Ein CV er noko mange til dømes legg ut på Linkedin. Kvifor meinte de at desse ikkje er offentlege?

— Rettspraksis er ikkje heilt klår, i nokre tilfelle kan ein handa unna ein CV. I enkelte saker er den kompetansen ein tilbyr det som rett og slett er bedrifta sine hemmelegheiter, seier Skog.

Han seier at det ikkje er sjeldan at ei bedrift ber om innsyn i andre sine tilbod. Dette kan det vera to grunnar til:

— Nokre ber om innsyn i tilboda frå dei bedriftene som slo ein sjølv. Andre ber om innsyn i alt. Då handlar det nok om at dei er interesserte i bedriftene sine hemmelegheiter.

2 400 kvadratmeter

— Kva synest du om avgjerdsla til klagenemnda?

— Det er heilt kurant. Me må gjera så gode vurderingar me kan, òg for å kunne ha tillit i marknaden. Eg synest det er ryddig med ei ekstern klagenemnd som ser på slike saker, seier Skog.

Bygget, som skal vera eit inkubatorbygg, er planlagt som ei blanding av kontor og opne landskap. I tillegg kjem eit laboratorieareal. Bygget skal gå over to etasjar med eit samla bruttoareal på 2 400 kvadratmeter, og skal husa oppstarts- og inkubatorverksemd knytt til medisinske og andre helsefaglege miljø ved UiB og Helse Bergen. Bygget har sidan det vart bygd vore utsett for gjentekne lekkasjar, og målet er no at eit nytt bygg på toppen kan gjera noko med dette.