Torill Eidsheim er fjerdekandidat for Høgre i Hordaland, og hamnar på tinget dersom partiet gjer eit bra val. Ho lovar satsing på forsking og utvikling dersom partiet kjem til makta. <span class="caps">BTO</span>-leiar Anders Haugland vil gjerne ha finansiering slik at fleire idear kan bli til produkt for framtida. Foto: Dag Hellesund
Torill Eidsheim er fjerdekandidat for Høgre i Hordaland, og hamnar på tinget dersom partiet gjer eit bra val. Ho lovar satsing på forsking og utvikling dersom partiet kjem til makta. BTO-leiar Anders Haugland vil gjerne ha finansiering slik at fleire idear kan bli til produkt for framtida. Foto: Dag Hellesund

Vil lokke kapitalen med gode idear

Publisert

– Berre rundt 110 menneske jobbar med å kommersialisere resultata av offentleg forsking her i landet, fortel Anders Haugland i Bergen teknologioverføring (BTO). Det ønskjer han å gjere noko med.

Leiaren hadde denne veka fjerdekandidaten frå Høgre, Torill Eidsheim, på vitjing, for å fortelje om kva tiltak næringa treng, i tilfelle eit regjeringsskifte.

Knapt om kapital
– Det virkar som det er ganske stor aksept for at mange forskingsresultat ikkje skal bringast vidare, seier Haugland om situasjonen for selskapa som skal utvikle idear frå forskinga vidare til kommersielle produkt.

Han legg ikkje skjul på at det kan vere vanskeleg å reise kapital til prosjekt av den typen BTO jobbar med. Ideane blir plukka opp i ein så tidleg fase at mange av dei aldri ender opp i ferdige produkt.

Må velje bort idear
– Eg meiner ikkje at vi skal flytte pengar frå forsking over til produktutvikling, understrekar Haugland.

Men arbeidet med å skape produkt som vi treng i framtida bør tilførast meir midlar. I dag er det slik at BTO må velje bort mange idear fordi dei ikkje klarar å skaffe finansiering til alle.

– Dette handlar om virkemidlar og om bedrifter. Men klarer du å tydeleggjere forretningsmulegheitene godt nok er investorar interesserte, seier Haugland.

Såkornfonda for store
I Noreg finst det ei rekkje såkornfond, som investerer for milliardar. Men sjølv om fonda har mykje midlar er det vanskeleg å få dei til å investere i ein del mindre prosjekt i det ein kallar inkubatorfasen: Såkornfonda er mest interesserte i å investere når eit innovasjonsselskap er over den første kneika, og har vist at det går an å tene pengar på ideen.

– Men vi prøver å utvikle prosjektfinansiering og eigne fond, fortel Haugland.

Må satse no
Han ønskjer seg at den offentlege kapitalen som blir investert blir brukt slik at han lokkar fram privat kapital. Det følgjer og ein del problem med dei offentlege pengane i sektoren. Ofte må private investorar binde kapitalen i til dømes ti år, og fonda set ofte som vilkår at investeringane deira skal sikrast først når investeringa byrjar å kaste av seg.

– Skal vi vere konkurransedyktige her i landet om ti til tjue år, må vi satse no. Vi treng at regionen, politikarane og institusjonane er villige til å satse på oss, seier Haugland på vegne av BTO, som er eigd av UiB, Helse Bergen og Havforskingsinstituttet.

– Synest BTO at UiB bidreg med nok pengar?

– Nei, UiB kunne ha gjort meir. Men dei har likevel vore flinke til å støtte oss så langt.

Vil sjå på virkemidla
– Spørsmålet er korleis vi skal satse på forsking, og bruke kronene mest muleg effektivt. Vi ønskjer auka satsing på forsking og utvikling. Det har vi som parti sett to strekar under, og kjem ikkje unna etter valet. Men vi skulle tatt ein gjennomgang for å finne ut korleis virkemidla fungerer, seier Torill Eidsheim.