Funksjonalitet har vore viktigare enn å få lågast mogleg pris når UiB skulle skaffe reisetenester til sine tilsette, ifølgje rektor Dag Rune Olsen.
Funksjonalitet har vore viktigare enn å få lågast mogleg pris når UiB skulle skaffe reisetenester til sine tilsette, ifølgje rektor Dag Rune Olsen.

Valde det dyraste: Universitetet i Bergen får nytt reisebyrå

Reiseselskapet Berg-Hansen gjekk sigrande ut av konkurransen om å få selje reiser til dei såkalla BOTT-universiteta, som inkluderer Universitetet i Bergen.

Publisert

Egencia, som har avtale med staten saman med Berg-Hansen, nådde ikkje opp då BOTT-universiteta vurderte tilboda til reiseavtale. BOTT er eit samarbeid om innkjøp mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU og UiT Noregs arktiske universitet.

Desse universiteta har tidlegare vore del av statens standardavtale, men har altså forhandla ein eigen avtale på sida av denne som vart signert denne veka.

Høgast pris – best på miljø

Innkjøpsgruppa ved NTNU, som har forhandla på vegne av BOTT, har lagt vekt på tre hovudkriterium som til saman gir ein «score»: teknisk-funksjonell løysing (50 prosent), pris (30 prosent) og miljø (20 prosent). Berg-Hansen får høgast score på alle – utanom pris. Der kom byrået ut med lågast score, det vil seie den høgaste prisen.

— Vi har sagt at vi ønsker funksjonalitet som gjer at vi kan kjøpe togreiser. Dess meir vi krever av leveransen, dess dyrare blir det. Det var heilt umogleg å kreve at tilsette skulle bruke løysinga til det førre selskapet (UiB brukte GTravel, red.merkn.) med så premature løysingar for bestilling, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Innkjøparane meiner særleg funksjonaliteten er god hos Berg-Hansen. «Selvbetjeningsløsningene til Berg-Hansen oppleves som best utviklet samt enklest», heiter det i tildelingsbrevet.

I tillegg til dei offisielle kriteria, har det i tida då arbeidet med val av reisebyrå har føregått stått strid om den eine tilbydaren, Egencia. Reiseselskapet som per i dag mellom anna er brukt av Universitetet i Oslo, som del av statens avtale, er i søkelyset fordi morselskapet Expedia driv verksemd på israelsk-okkupert palestinsk territorium.

Vurderte «svarteliste»

Midt i februar kom FNs menneskerettskontor med ein rapport der Egencia/Exepedia var på ei «svarteliste» over 112 selskap som operer i israelsk-okkuperte busetjingar. Okkupasjonen er ulovleg etter folkeretten og i strid med målet om ei fredeleg tostats-løysing, mellom anna slik den norske regjeringa ser det.

FN-rapporten og spørsmålet om Egencias rolle i palestinsk okkupert område del av diskusjonen og vurderinga då tildelinga vart gjort i BOTTS innkjøpsgruppe.

Den norske staten har gjennom Statens innkjøpssenter nyleg fornya tilliten til Egencia som eitt av to selskap med kontrakt på å selje reiser til 166.000 norske statstilsette dei komande åra. Universitets- og høgskulesektoren er blant dei største kundane i staten.

Dette har ført til kritikk, mellom anna frå rektor Dag Rune Olsen.

— Alle offentlege innkjøp bør vektlegge at selskapet ein teiknar kontrakt med følgjer internasjonale lovar og reglar og operer i tråd med menneskerettane, seier han.

Kan skade omdømmet

Olsen viser også til at UiB tidlegare har avvist tilbydarar fordi det er blitt vurdert å kunne skade omdømmet. Det skal ha dreidd seg om vektertenester. UiB-rektoren gir uttrykk for at staten bør bruke innkjøpsmakta si i denne saka, med tanke på at Egencia deler på sal av reisetenester med Berg-Hansen i staten – no med unntak av BOTT-universiteta.

Tilsette ved ei rekke institusjonar i kunnskapssektoren er dermed pålagte å kjøpe reisene sine frå Egencia. Blant desse er høgskulane i Innlandet, Østfold og Volda, OsloMet, Universitetet i Stavanger, Universitet i Sørøst-Norge og Kunnskapsdepartementet. Inntil BOTT-avtalen blir operativ, er også Universitet i Oslos tilsette omfatta av avtalen med Egencia.

UiB har tidlegare ikkje vore blant institusjonane som har vore pålagde å bruke Egencia.