Universitetsstyret er samla til siste møte dette studieåret. Dei har fleire store saker på sakskartet. Foto: Hilde Kristin Strand
Universitetsstyret er samla til siste møte dette studieåret. Dei har fleire store saker på sakskartet. Foto: Hilde Kristin Strand

Fusjon, leiing og helsecampus

Publisert

Torsdag har universitetsstyret det siste møtet dette studieåret. På sakskartet står fleire store saker.

Skal UiB framleis ha valt rektor? Skal Kunst- og designhøgskulen verta ein del av UiB? Og vert det noko av planane om ein helsecampus på Årstadvollen?

Dette er berre nokre av sakene styret har fått på sakslista før møtet torsdag.  På Høyden sender møtet direkte frå møtestart klokka 9.30. Det er lunsjpause frå 1205 til ca. 1240. 

Del 2: 

 

 

Del 1: 

Sakslista er lang. Allereie etter dei vanlege økonomisakene kjem den første, store saka: Modell for styring og leiing. Sagt på eit meir folkeleg vis: Skal UiB framleis ha valt rektor? Eller skal ein gjera som mellom andre NTNU og ha tilsett rektor og ekstern styreleiar? Debatten har gått dei siste vekene, og det er ikkje alle styremedlemmene som har gått offentleg ut og sagt kva dei kjem til å røysta.

Kunst- og designhøgskulen har allereie sagt at dei vil verta ein del av UiB. Vil UiB ha dei? Det må styret ta stilling. Styret skal òg meina noko om Helsecampus Årstadvollen. Det vil innebera rehabilitering av Overlege Danielsens hus og forprosjekt for gamalt odontologibygg og nytt bygg.

I tillegg til desse sakene skal styret drøfta ymse årsrapportar. Dei skal òg evaluera seg sjølve. Denne evalueringa er sett opp som siste sak, og vil truleg gå føre seg bak lukka dører.

Her er sakslista:

NB:Rektor har nett føreslege, og fått gehør for, å flytta sak 70 og 71 til like etter sak 61 - som handlar om styringsmodell. Dei ulike årsmeldingane kjem lenger nede på dagsorden.

S 56/16
Godkjenning av innkalling og saksliste    
S 57/16    
Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 28.4.2016    
S 58/16    
Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2016    
S 59/16
Økonomirapport første tertial 2016    
S 60/16    
Budsjettprosessen for 2017    
S 61/16
Modell for styring og ledelse ved Universitetet i Bergen    
S 62/16
#ORG2022 - Status for arbeidet med prosjektet    
S 63/16
Utdanningsmelding 2015    
S 64/16
Innspill til stortingsmelding om kvalitet i høyere utdanning    
S 65/16
Studieportefølje: Søknad om oppretting av studiet Master's Programme in Global Health
S 66/16
Forskningsmelding 2015    
S 67/16
Forskerutdanningsmelding 2015    
S 68/16
Handlingsplan for forskerutdanningen    
S 69/16
Eksternt finansiert forskning ved Universitetet i Bergen. Aktivitet første halvår 2016    
S 70/16
Etablering av et kunstnerisk fakultet    
S 71/16
Prioritering av større byggeprosjekt    
S 72/16
Helsecampus Årstadvollen - visjon, faglig rammer og plan for byggeprosjekt    
S 73/16
Årsrapport for På Høyden 2015    
S 74/16
Orienteringssak: Valgresultat for gruppe B og D til universitetsstyret for perioden 1.8.2016-31.7.2017    
S 75/16
Fullmakts- og referatsaker    
S 76/16
Diverse referater m.v.    
S 77/16
Ansettelse professor i informatikk ved Universitetet i Bergen uten kunngjøring
Unntatt offentlighet
S 78/16
Universitetsstyrets arbeidsform    
Orienteringer    
Eventuelt